Hopp til innhold
X
Innhald

Morten Harket

Morten Harket, fødd 1959, er songar og komponist. Han fekk gjennombrotet sitt med popgruppa a-ha frå 1985. A-ha var verdsstjerner og gjekk som første norske band til topps på Billboard-lista i USA med Take on me. Singelen gjekk til topps i femten land. A-ha har seinare gitt ut ei rekkje album og har turnert i store delar av verda.

Morten Harket har også gitt ut fleire plater som soloartist, mellom anna Wild Seed (1995), som han mottok fire Spellemannsprisar for. I 1996 gav han ut den norskspråklege plata Vogts villa.
Morten Harket er utnemnd til ridder av 1.klasse av St.Olavs orden for innsatsen for norsk musikkliv.
Sjå videoen Take on me (1985)

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.11.2013
Sist oppdatert: 08.11.2013