Hopp til innhold

Oddmund Hoel

Oddmund Løkensgard Hoel, språkforskar.
Hoel er fødd i Trondheim 8. november 1968. Som cand.philol. med nordisk hovudfag og hovudoppgåva Nasjonalisme i norsk målstrid 1848–1865 (1996) var Hoel forlagsredaktør i Det Norske Samlaget 1996–2000, med ansvar for lærebøker for høgare utdanning (humaniora), ordbøker og språkteknologi.
 
Saman med Eli Bjørhusdal dreiv han frå 2002 firmaet Krundalen Kulturtenester i Luster. I 2009 leverte han doktoravhandlinga Målreising og modernisering i Noreg 1885–1940. Frå hausten 2007 er han tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
 
Hoel var leiar i Noregs Mållag 1999–2002.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 18.11.2009
Sist oppdatert: 06.05.2011