Hopp til innhold
Olaf Helset, foto frå ca 1930. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0
Olaf Helset, foto frå ca 1930. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0
X
Innhald

Olaf Helset

Olaf Helset leidde kampane ved Midtskogen natt til 10. april 1940. Han var ein framståande motstandsmann under okkupasjonen.

Olaf Helset, 1892–1960, var offiser og idrettsleiar. Helset leidde kampane ved Midtskogen natt til 10. april 1940. Han var ein framståande motstandsmann under okkupasjonen og var ein av dei som stod bak Milorg.

Helset var styremedlem i Noregs Skiforbund 1930-1932. Han leia den norske skitroppen til OL i 1928 og til OL i Lake Placid i 1932.

Olaf Helset vart vald til leiar av Norges Landsforbund for Idrett i 1940, ein organisasjon som skulle hindre nazifisering av idretten i Noreg. Helset var formann i styret som var forløparen til Noregs Idrettsforbund.

I 1942 flykta Helset til Sverige. Der var han flyktningsjef og seinare sjef for dei norske polititroppane.

Frå 1946 til 1948 verka Olaf Helset som generalløytnant og sjef for Hæren.

For innsatsen på Midtskogen vart Helset tildelt Krigskorset med sverd, som er den høgste utmerkinga i Noreg. Helseter også utnemnd til kommandør med stjerne av St.Olavs orden og har motteke medaljar og dekorasjonar frå fleire andre nasjonar.

Nasjonalbiblioteket har publisert ein radiotale, der Olaf Helset fortel om kampane ved Midtskogen 1940. Du kan høyre denne talen ved å klikke på lenka: http://www.nb.no/nbsok/nb/716a1bb99dbf12a17a5cb716...

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2016
Sist oppdatert: 09.02.2016