Faktaboks

Olaf Huseby
Fødd
12. desember 1856, Leikanger, Sogn og Fjordane
Død
3. oktober 1942, Hillsdale, Michigan, USA
Verke
Forleggjar og bokhandlar
Familie

Foreldre: Husmann Antuns Arneson Husebø (f. 1830) og Kristi Olavsdotter (1829–64).

Gift 12.11.1887 med Ingeborg Skjeggstad (f. 9.5.1861), dotter til lærar Lars Skjeggstad (f. 1831) og Berit Andersdotter (f. 1827).

Olaf Huseby var ein radikal norsk forleggjar og bokhandlar

Bakgrunn

Huseby var fødd i Leikanger (no Sogndal) i Sogn og Fjordane (no Vestland) og døydde i Hillsdale, Michigan, USA. Etter folkehøgskule i Sogndal og lærareksamen frå Stord 1875 blei han lærar i Brevik.

Forlag

I 1879 reiste Huseby til Kristiania for å arbeide som bokhandlar. Etter eit par «vandreår» utanlands starta Huseby den første ”venstrebokhandelen” i hovudstaden saman med Olaf Norli i 1883. Seinare dreiv han eigen forlagsbokhandel i Kristiania fram til 1903, da han emigrerte til USA. Han etablerte 1904 firmaet Olaf Huseby Publishing House i Minneapolis, og ønsket med dette bl.a. å spreie «Dei fire store» (Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie) i USA.

Huseby gav namn til og starta opp tidsskriftet Kringsjaa saman med unitarpresten H. Tambs Lyche, sette i gang billegbokserien «Bibliothek for de tusen hjem» saman med grosserar J. Sørensen og gav ut kontroversielle bøker som Christian Krohgs Albertine. Den største salssuksessen og den viktigaste innsatsen for målrørsla var ei utgåve av Landstads Kirkesalmebog med Elias BlixNokre Salmar som tillegg (1894), i alt trykt i 200 000 eksemplar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Anders Aschim: Ein betre vår ein gong. Elias Blix. Biografi. Oslo 2008
  • Olaf Huseby: «Attersyn og kringsjå. Halv hundrad års minnestubbar», i Olaf Norli. Et festskrift. Oslo 1933
  • Hermund Kleppa: «Huseby-utgåva av Landstad salmebok», Kjelda (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane) nr. 2/2006
  • Hermund Kleppa: «Olaf Huseby 1856–1942», Kjelda nr. 2/2006

Faktaboks

Olaf Huseby
Historisk befolkingsregister-ID
pf01053257012775

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg