
Olav H. Hauge
Olav H. Hauge, forfattar og fruktdyrkar som etter kvart vart ein av dei fremste norske lyrikarane på 1900-talet, omsett til over tjue språk og sjølv ein viktig omsetjar av lyrikk frå engelsk, tysk og fransk.
4. september 2014 opna Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Senteret har ei basisutstilling om forfattaren og mennesket Olav H. Hauge, og ei utstilling om lyrikk i mange former.
(Artikkelen held fram under biletkarusellen)
Diktaren kjem
Då Hauge voks opp, var Ulvik på veg mot ei ny tid. Bergensbana var komen, og mange arbeidde på anlegg i Tyssedal og Odda. Han nytta tidleg folkeboksamlinga og fekk som femtenåring kontakt med morbroren Edmund, som var i USA, og som sende bøker til han – og prata om bøker etter at han kom heim att i 1926.
På mellomskulen lærte Hauge engelsk og tysk. Han lærte han seg òg fransk. At han lærte språk for å kunne arbeide med litteratur, styrkte ei vid orientering mot dikting frå alle område og tider og gav eit viktig grunnlag for at han kunne utvikle seg til den særmerkte lyrikkomsetjaren han vart.
Ved sida av norsk tradisjon er Hauge inspirert av engelsk romantikk i den første boka, Glør i oska. Diktet «Song til stormen» er i slekt med dikt av P.B. Shelley og A. Tennyson. Tradisjonelle former gav han aldri avkall på, men fekk snart òg trong til å uttrykkje seg modernistisk. Linjer frå diktet «Elvi burtanum fjorden» (frå Seint rodnar skog i djuvet, 1956) kan tene som døme: Elva dett nedetter fjellstupet – men viser òg ein menneskeleg lagnad: Ho «dett i marebunden draum – / fær ikkje ord fram, / ikkje ljod ...» Denne utviklinga kan vi sjå mange stader, til dømes i innleiingsdiktet til På Ørnetuva (1961), der «draumblå tindar speglar seg» i det første avsnittet, medan det andre avsnittet gir uttrykk for livskamp og strid: «fjellgrindar / imot dags / herjande / eld.»
Frå 1960-åra fekk Hauge eit aukande publikum frå alle lag av folket. Han var ein framifrå opplesar og nådde under utdanningseksplosjonen i 1970-åra ut til store kulturelt og politisk engasjerte ungdomsgrupper.
Diktet «Det
er den draumen» (frå diktsamlinga
Dropar
i austavind
, 1966) vart i 2016 kåra til Noregs beste dikt gjennom
tidene av sjåarane og lyttarane til NRK-programserien «Dikt & forbannet
løgn».
Sjå video frå NRK Skole, «Intervju med Olav H. Hauge» sendt 23. feb 1970:
Natur og tradisjon
Naturfenomen er hos Hauge framstilte fagleg korrekt, samstundes som dei viser menneskelege portrett, situasjonar eller vilkår. Eit dikt som «Under bergfallet (1951) kombinerer skildringa av eit trugande naturfenomen med refleksjonar kring menneskeleg eksistens, konkret i naturen og under allmenne vilkår i eitt. Her har kjenslesterke krigsdikt òg sin plass, ikkje minst frå samlinga Spør vinden, som kom ut medan Vietnamkrigen stod på.
I slekt med tilhøvet hans til naturen var tilhøvet til folkedikting og annan folketradisjon og til norrøn og vestleg tradisjon – og også austleg tradisjon, både klassisk kinesisk lyrikk og japansk haiku, liksom òg austleg religion, først og fremst zen-buddhisme. Hauge viser ei sjølvsagd innleving i slike tradisjonar. Han taler liksom direkte med og om ein Akestes (i Aeneiden), klassiske kinesarar, figurar frå nordisk tradisjon som Ogmund frå Spånheim (Soga om Håkon Håkonsson), Leiv Eiriksson og fleire. Slike dikt er gjerne òg metatekstar, til dømes «Eg har tri dikt». Det fortel om Emily (Dickinson), som skreiv mange dikt, men nesten ikkje publiserte noko: «ho sprette berre ein tepakke / og skreiv eit nytt.» Slik skal dikt vere, dei «skal lukta av te. / Eller av rå mold og nykløyvd ved.»
Hauge kan lesast både som romantikar og modernist. Språkleg følgde han den nynorske tradisjonen med i-mål, eldre rettskriving og avvising av importord frå dansk og tysk, medan han politisk var kritisk venstreorientert.
Skjemt og alvor
Si eiga utvikling har Hauge peikt humoristisk på i diktet «Eg song um ein trosapinn» (1971). Trosepinnar finst òg i det sterke portrettdiktet «Gartnaren drøymer» (1946, omarbeidd 1964). Scena er kyrkjegarden med ein stor hegg og andre plantar ved kyrkjeveggen, og «innunder gjeng det ein og rakar tros», men drøymer seg vekk frå «denne verdi». Diktet frå 1971 flirer av dette. Songen om trosepinnen, draumen, heggen og kyrkjeveggen er bytt ut med ei humoristisk rimrekkje: «no syng eg / um humla / som ein dag her / brumla / i heggen / til ho / vanvares / tumla / mot veggen ...» Slik humor finst mest i seinare bøker, også i ABC-boka (1986) som til kvar bokstav hadde vers av Hauge og bilete av Bodil Cappelen. Men så er alvoret også med til det siste, som i «Eg stoggar under den gamle eiki ein regnvêrsdag» (1980). Den gamle eika vert eit subjekt som det aldrande diktar-eget tenkjer fortruleg saman med.
Tankeverksemda til Olav H. Hauge viser seg elles i dagbøkene. Her er eit yrande tankeliv, med refleksjon over eigen eksistens og det daglege tilværet, og ikkje minst om litteratur og kunst og ovringar i kulturlivet i det heile.
Kjelder
Hadle Oftedal Andersen: Poetens andlet. Om lyrikaren Olav H. Hauge. Oslo 2002
Einar Bjorvand og Knut Johansen (red.): Olav H. Hauge. Ei bok til 60-årsdagen 18. august 1968. Oslo 1968
Andreas Bjørkum: Målmeistaren frå Ulvik. Ord og former hjå Olav H. Hauge. Oslo 1998
Bodil Cappelen og Ronny Spaans (red.): Tid å hausta inn. 31 forfattarar om Olav H. Hauge. Oslo 2008
Katherine Hanson: Nature Imagery in Olav H. Hauge's Poetry, nettutgåve. Doktoravhandling. University of Washington 1978
Ole Karlsen: Fansmakt og bergsval dom. En studie i Olav H. Hauges romantiske metapoesi. Oslo 2000
Atle Kittang: «Olav H. Hauge og dagbøkene hans», i Olav H. Hauge: Dagbok 1924–1994, bd. 1. Oslo 2000
Idar Stegane: Olav H. Hauges dikting. Frå «Glør i oska» til «Dropar i austavind». Oslo 1974
Staffan Söderblom: Och jag var länge död. Läsningar av det ambivalenta: Olav H. Hauge. Gøteborg 2006
Terje Tønnessen (red.): Tunn is. Om Olav Hauges forfattarskap. Oslo 1994
Knut Olav Åmås: Mitt liv var draum. Ein biografi om Olav H. Hauge. Oslo 2004
Aasne Vikøy (red.): Mellomrom, bd. 2: Cathrine Strøm og Aasne Vikøy (red.): Omsetjaren Olav H. Hauge. Bergen 2009
Peikarar
Olav H. Hauge-senteret i Ulvik
Vidare lesing
Andersen, Hadle Oftedal: Poetens andlet: om lyrikaren Olav H. Hauge, 2002
Bjorvand, Einar & Knut Johansen, red.: Olav H. Hauge: ei bok til 60-årsdagen 18. august 1968, 1968
Bjørkum, Andreas: Målmeistaren frå Ulvik: ord og former hjå Olav H. Hauge, 1998
Cappelen, Bodil og Ronny Spaans, red.: Tid å hausta inn : 31 forfattarar om Olav H. Hauge, 2008
Fosse, Jon: Olav H. Hauges poetikk, 1993
Johansen, Knut, red.: Tankar om dikting: til Olav H. Hauge, 1978
Karlsen, Ole: Fansmakt og bergsval dom: en studie i Olav H. Hauges romantiske metapoesi, 2000
NBL 2. utg.
Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 6: Fra Brekke til Mehren, 1995
Stegane, Idar: Olav H. Hauges dikting: frå "Glør i oska" til "Dropar i austavind", 1974
Tønnessen, Terje, red.: Tunn is: om Olav H. Hauges forfattarskap, 1994
Syn og segn, årg. 106, nr. 4, 2000 (tema: Olav H. Hauge)
Vold, Jan Erik: Under Hauges ord: essays, samtaler, brev, dikt, fotos, 2. utg., 1996
Åmås, Knut Olav: Mitt liv var draum: ein biografi om Olav H. Hauge, 2004
Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne
Sist oppdatert: 23.12.2020