
Olav Hoprekstad
Olav Hoprekstad, forfattar, lærar og målmann. Han la ned eit stort arbeid for nynorsk litteratur, lærarrørsla og målrørsla på Vestlandet.
Olav Hoprekstad var fødd 4. april 1875 i Vik i Sogn og Fjordane og døydde 16. august 1965 i Bergen. Han var fødd og voks opp på garden Hopperstad. Etter ein vinter på folkehøgskulen i Sogndal gjekk han Elverum lærarskule (eksamen 1895). Frå 1899 var han lærar og (frå 1927) overlærar i folkeskulen i Bergen til 1946. Han sat i skulestyret frå 1923 til 1945, først seks år for lærarane, deretter for Venstre. Frå 1910 til 1947 var han formann for Vestlandske lærarstemne og frå 1917 til 1946 styremedlem i Noregs lærarlag.
Hoprekstad skreiv ei rekkje skodespel (det første i 1907) som har vore særs mykje nytta av ungdomslag. Han var fast teater- og litteraturmeldar både i Bergens Tidende (1913–40) og Gula Tidend (1949–65). Han står òg bak mange lokalhistoriske og skulehistoriske arbeid.
Han var sentral i målrørsla i Bergen og var den første formannen i Bondeungdomslaget Ervingen (1900). I 1904 var han sentral i skipinga av Vestlandske Mållag, og han gjorde mykje arbeid for Vestlandske målkontor (skipa i 1904). Frå 1916 til 1930 var han formann i Norsk Bokmannslag, mållaget for forfattarar.
Eit sentralt tema i skodespela til Hoprekstad er moderniseringa av bygdene, og han uttrykte seg heller skeptisk om industrialiseringa og urbaniseringa. I Bergen har han stilt seg langt framme i rekkja av målfolk som har stridd for å gi den tradisjonelle bygdekulturen rom i byen.

Olav Hoprekstad. Ukjend fotograf og år. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Nytta etter avtale.
Kjelder
Severin Eskeland: «Olav Hoprekstad», Norsk Allkunnebok, bd. 6. Oslo 1954
Aslak T. Helleve: «Olav Hoprekstad», Norsk biografisk leksikon, bd. 4. Oslo 2001
Olav Midttun: «Olav Hoprekstad», Norsk biografisk leksikon, bd. 6. Oslo 1934
Olav Midttun: «Olav Hoprekstad», Menn og bøker. Litterære utgreiingar. Oslo 1963
Anders Thuen Seim: «Olav Hoprekstad», Vestlandske Mållag 1904–1954. Bjørgvin 1954
Sist oppdatert: 21.09.2018