Faktaboks

Oscar Handeland
Fødd
14. april 1890, Åseral, Agder
Død
1. september 1967, Oslo

Oscar Handeland var ein norsk misjonshistorikar og redaktør knytt til Norsk Luthersk Misjonssamband. Gjennom mange år underviste han i kyrkje- og misjonshistorie ved Fjellhaug misjonsskole i Oslo.

Bakgrunn

Oscar Handeland var fødd i Åseral i Agder. Han gjekk på misjonsskule på Framnes i Hardanger og i Bergen 1910–1911. I 1912 vart han redaksjonssekretær i Kineseren (frå 1937 Utsyn), hovudorganet til Det norske lutherske Kinamisjonsforbund (frå 1949 Norsk Luthersk Misjonssamband). Frå 1929 til 1936 var han redaktør for bladet. I 1948 starta han det lågkyrkjelege tidsskriftet Fast Grunn, som han redigerte til og med 1961. I 1924–30 sat han i hovudstyret for Kinamisjonsforbundet.

I den lange perioden frå 1915 til 1959 var Handeland lærar ved Fjellhaug misjonsskole (noFjellhaug internasjonale høgskole) i Oslo. Undervisningsfaget hans var kyrkje- og misjonshistorie, og han skreiv ei rekkje bøker innanfor dette fagområdet.

Misjonshistorikar

Trass i manglande formell utdanning synte han seg som ein grunding og kunnskapsrik historikar. Han hadde ein klar stil og var ein framifrå forteljar. I trebandsverket Vårløysing (1922–1936), utgitt i ny utgåve i 1966, skildrar han den lågkyrkjelege lekmannsrørsla på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Han set vekkingane inn i eit vidt historisk og kulturhistorisk perspektiv, og kombinert med stor detaljrikdom gir dette inngåande innsikt i vekkingsrørsla sin fromleik. Verket er eit viktig bidrag til norsk kulturhistorie.

I boka To linor i norsk kyrkje-politikk (1923) tek han for seg forholdet mellom Den norske kyrkja og den kristne lekmannsrørsla. Sjølv om det kunne vere strid mellom statskyrkjelinja og lekmannslinja, meinte Handeland at samhøvet mellom dei var ein styrke for det norske kyrkje- og kristenlivet. Kongens Budbærere i seks band (1937–1943) er det største misjonshistoriske verket Handeland har publisert. Her skildrar han historia til den moderne internasjonale misjonsrørsla.

Sett med dagens historikarauge er det ei svakheit at han ikkje oppgav kjelder. Det er liten tvil om at han arbeida grundig med arkivkjelder og samla inn forteljingar frå misjonen, men dei er i avgrensa grad oppgitt i arbeida hans.

Bibliografi i utval

  • Handeland, Oscar (1918). Norsk kristendomsforkynning. Bergen: Lunde & Co Forlag
  • Handeland, Oscar (1923). To linor i norsk kyrkjepolitikk. Bergen: Lunde & Co Forlag
  • Handeland, Oscar (1941). Det norske lutherske Kinamissionsforbund gjennom 50 år. Oslo: Det norske lutherske Kinamissionsforbund.
  • Handeland, Oscar (1948). Kristenliv på Agder. 50 års-skrift for Agder krins av Det norske lutherske Kinamissionsforbund. Oslo: Det norske lutherske Kinamissionsforbund.
  • Handeland, Oscar (1966). Vårløysing Band I-III. Bergen: Lunde & Co Forlag

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Steinar Hunnestad: «Redaktør Oscar Handeland», Årbok for Den norske kirke 1968–69. Oslo 1969
  • Erik Kjebekk: Verden for Kristus. Norsk Luthersk Misjonssamband 1891–1991. Heimearbeidet. Oslo 1991
  • Erik Kjebekk: Fjellhaug misjonshøgskole 100 år. En historisk oversikt. Oslo 1998
  • Olav Uglem: «Oscar Handeland», Norsk misjonsleksikon, bd. 2. Stavanger 1966
  • Håkon Wergeland: «Handeland, Oscar», Norsk Allkunnebok, bd. 5. Oslo 1953
  • Carl Fr. Wisløff: Norsk kirkehistorie, bd. III. Oslo 1971

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg