Faktaboks

Otto Bahr Halvorsen

Otto B. Halvorsen

Fødd
28. mai 1872, Christiania (nå Oslo)
Død
23. mai 1923, Kristiania (nå Oslo)
Verke
Jurist og politiker
Familie

Foreldre: Sekretær i Storebrand Otto Hellen Halvorsen (1840–1921) og Karine Christine Christiansen (1847–1927).

Gift 13.5.1899 i Kristiania med Kathrine Hofgaard (25.11.1875–22.8.1960), datter av skolebestyrer Simon Wright Hofgaard (1843–1908; se NBL1, bd. 6) og Ida Mathilde Aars (1841–98).

Otto Bahr Halvorsen
Otto Bahr Halvorsen
Av .

Otto Bahr Halvorsen var ein norsk jurist og politikar for Høgre. Han var norsk statsminister frå 21. juni 1920 til 22. juni 1921, og frå 6. mars til 23. mai 1923.

Allereie som student kom han med i det politiske livet, han var formann i Høgres sentralstyre i 1919–1923 og vart valt til alle storting i åra 1912–1923. I Stortinget erobra han seg snart ein leiande plass og vart i 1919 sitt partis parlamentariske leiar og Stortingets førstepresident.

Gunnar Knudsens regjering vart styrta i 1920, danna Halvorsen den nye regjeringa, og var også justisminister. Regjeringa fall i juni 1921. Då venstreregjeringa fall mars 1923, danna Halvorsen igjen regjering og overtok på ny stillinga som justisminister. Han døydde likevel allereie i mai same år.

Bakgrunn

Otto Halvorsen
Otto B. Halvorsen vart politisk aktiv allereie i studietida. Foto frå 1888.
Av /Oslo museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Otto Bahr Halvorsen voks opp i Kristiania, og alt i studietida var han aktiv politisk. Det var akkurat i dei åra før hundreårsskiftet at hovudstaden fekk storbypreg og vart merkt av storbyens sosiale problem. Dette kom til å prege Halvorsens politiske prioriteringar. Han tok pause i studie for å arbeide i høgreavisa Bergen Aftenblad under redaktør Thorstein Diesen. Han fekk her røynsle frå både avisarbeid og det å drive valkamp.

I valkampen i 1894 deltok han aktivt. Då var han sjølv 22 år og enno tre år unna dei 25 år som den gongen var stemmerettsalderen. Halvorsen vart cand.jur. i 1896, og høgsterettsadvokat i 1903. Som ung juridisk kandidat arbeidde han også ei tid ved Høgre sitt kontor i Oslo, men deretter var det oppbygginga av eiga advokatforretning i Oslo som opptok all hans tid, og først framfor valet i 1912 vart han politisk aktiv på nytt.

Lynkarriere

Halvorsen kom inn på Stortinget i 1912 og gjorde seg så pass gjeldande at han etter valet i 1918, seks år seinare, ikkje berre tok over som parlamentarisk leiar i Høgre, men også som stortingspresident. Noko seinare vart han til og med partileiar.

Mange i Høgre meinte at Halvorsen ikkje kom til å makte desse oppgåvene. Han vart også sett på som altfor liberal for den eldre garde i Høgre. Halvorsen var 46 år, og for ein ungdom å rekne i høve til dei som hadde leia partiet dei siste ti åra. Året etter han hadde fått alle desse verva kasta i fanget vart han også statsminister.

Saman med Odd Klingenberg frå Trondheim utgjorde han ei sosialreformatorisk fløy i Høgre, men møtte på dette feltet mykje motstand, og måtte i 1921 nærast tvinge programkomiteen i partiet til halde same kursen som dei to hadde staka ut. Dei medverka mellom anna til at Høgre gjekk over frå innskotssystemet for innføring av alderstrygd til Arbeidarpartiets system som ville finansiere trygda over skattesetelen. Dermed var det også skapt eit parlamentarisk fleirtal for innføring av ordninga, men det kom først under regjeringa Abraham Berge i 1923.

Statsminister (1920–1921)

Otto B Halvorsen

Otto Bahr Halvorsen var norsk statsminister frå 21. juni 1920 til 22. juni 1921, og frå 6. mars til 23. mai 1923.

Otto B Halvorsen
Av /NTB Scanpix ※.

Halvorsen tok over regjeringsmakta 21. juni 1920, etter at Gunnar Knudsen vart kasta på sitt nei til ein ekstra million på vegbudsjettet. Knudsen såg då krisa kome, og han hadde ein del av ansvaret sjølv, ettersom han hadde vore både stats- og finansminister dei siste åra.

Halvorsen visste nok ikkje kva som venta han. Frå 1920 som var toppåret i den oppblåste krigsøkonomien, fall den samla produksjonen i landet med rundt 30 prosent på berre eitt år, og arbeidsløysa steig frå berre nokre få prosent i 1920 til nærare 20 prosent i 1921. Prisane i 1920 var fire gongar så høge som før krigen starta, og om hausten kom prisfallet.

Dei store streikane

Det som gjorde at Halvorsen steig opp som ei stjerne på den politiske himmelen var måten han gjekk fram på under dei to store streikane, jarnbanekonflikten i desember 1920 og storstreiken i mai 1921.

Han var både statsminister og justisminister og møtte desse streikane med fast hand, men med stor vilje til å unngå provokasjonar og maktbruk. 13 000 jarnbanearbeidarar gjekk til streik, men måtte gi seg og gå attende til arbeidet etter 16 dagar. Dei fekk ikkje lønnsauke og tredjeparten av jarnbanearbeidarane måtte gå. Halvorsen hadde støtte frå eit stort fleirtal i Stortinget for å seie nei til kravet frå jarnbanearbeidarane.

Det neste vart storstreiken i mai 1921 som omfatta 150 000 arbeidarar, og mange såg for seg at no kom revolusjonen også i Norge. Lev Trotskij kalla streiken «den norske generalstreik», men heller ikkje denne streiken førte til noko. Dei arbeidstakarane streiken omhandla, sjømennene, måtte godta 17 prosent lønnsnedslag, men det var betre enn dei 33 prosent nedslag i lønna som arbeidsgivarane hadde stilt krav om.

Årsaka til at streikane slo feil, var sjølvsagt først og fremst det ekstremt raske fallet i konjunkturane som skjedde. Lønnsevna for arbeidsgivarane fall også drastisk, og dei hadde ikkje noko imot at bedriftene sto ei stund mens arbeidstakarane streika. Arbeidstakarane på si side fekk ikkje streikebidrag, og hadde ikkje feitt å tære på for nokon lang streik.

Politisk derimot var det Halvorsen, stats- og justisministeren som fekk æra for at streikane vart raskt og ryddig avvikla. Sjølv oppfatta han seg ikkje som spesielt hard og ubøyeleg, men snarare som forsonande og reformerande. Det sosiale samvitet hans var sterkt utvikla, og han var oppteken av å betre kåra til dei sjuke og fattige og dei som hadde dårlege butilhøve i byane.

Brennevinsforbodet

Det var likevel alkoholforbodet og språksaka som skulle kome til å dominere mykje av norsk politikk dei neste åra. Særleg alkoholpolitikken sto sentralt vala både i 1918, 1921 og 1924, og resulterte i tre regjeringskriser. Ved folkerøystinga i 1919 hadde 61,6 prosent av dei frammøtte veljarane i folkerøystinga sagt ja til varig forbod mot omsetning av vin og brennevin. Folk fann seg fort andre måtar å skaffe seg alkohol på.

Legar og dyrlegar gjorde det stort på reseptskriving. Fem kroner resepten tok dei. Rekorden var visstnok ein lege som skreiv ut 48 657 reseptar på eitt år. Han vart dømd, men andre med nesten like mange reseptar vart frifunne. Smuglinga auka til dei store høgder. Det same gjorde heimebrenninga. Høgre hadde difor ei betre og betre sak når partiet i 1921 gjekk mot alkoholforbodet.

Ved valet i 1921 vart då også Høgre det største partiet på Stortinget. Det er berre tre gongar det har skjedd, i 1909, i 1921 og i 1924, og språk og/eller alkoholpolitikk var viktig tema ved alle tre vala.

Naturleg nok skapte forbodet frå 1919 store handelspolitiske problem. Vinlanda Frankrike, Spania og Portugal ville ikkje godta at Norge slutta å importere vin og brennevin. Portugal kjøpte rundt 60 prosent av den norske klippfiskeksporten, og hadde dermed eit godt pressmiddel. I 1921 forhandla regjeringa Halvorsen fram ein avtale med Frankrike som gjorde at importen av svak vin skulle vere fri og at Norge i tillegg skulle kjøpe 400 000 liter konjakk kvart år. Det skulle nyttast til medisinsk bruk.

Stortinget godtok denne avtalen, men såg med større skepsis på regjeringa Halvorsen etter dette, og fleirtalet ville ikkje at ei regjering som var tilhengar av å fjerne forbodet skulle forhandle med Spania og Portugal om ein avtale også for desse landa.

Halvorsens regjering går av

Forbodstilhengarane ville difor ha regjeringa fjerna, og det skjedde 22. juni i 1921 ved at regjeringa Halvorsen stilte kabinettspørsmål på opprettinga av ein regjeringsoppnemnd skulekommisjon. Stortinget sa nei til å løyve pengar og ville i staden ha ein stortingsoppnemnd kommisjon. Eit typisk døme på stortingsregjereri, men også eit døme på at det ikkje er vanskeleg å finne ei sak å felle ei regjering på dersom eit fleirtal verkeleg ønskjer regjeringa vekk.

Det gjekk ikkje særleg betre for den gamle Venstre-veteranen Otto Blehr, som tok over som statsminister. Noreg måtte kjøpe ein halv million liter sterkvin årleg for å få Spania til å lette på den 50 prosent straffetollen som vart pålagt fisk frå Norge. I 1922 måtte Venstre-regjeringa godta 850 000 liter sterkvin frå Portugal årleg. 1,75 millionar liter «ulovlege» drikkevarer skulle Noreg importere årleg, men kunne ikkje nytte drikkevarene anna enn til medisin.

Statsminister (1923)

Eit så stort tankekors greidde ikkje regjeringa Blehr å overleve, og 6. mars 1923 var det på nytt duka for ein koalisjon mellom Høgre og Frisinna Venstre, og Otto B. Halvorsen vart statsminister for andre gong. Då greidde han å få Stortinget med på å oppheve forbodet mot sterkvin på dei få vekene han rakk å vere statsminister før han vart sjuk.

Chr. A. R. Christensen skriv i «Vårt folks historie» om Otto B. Halvorsen at han eigentleg ikkje var blendande som politikar, han hadde ikkje statsmanns-dimensjonar, men han var redeleg og solid, nøktern og uforvrøvla. «Hans ubestikkelige rettsinn gjorde at han personlig vant tillit i alle kretser». Også fleire andre har framheva nettopp desse eigenskapane ved han.

Halvorsen dreiv ein god advokatpraksis i Kristiania før han i 1912 vart innvald på Stortinget. Han hadde ein uvanleg stor arbeidskapasitet. Få dagar etter at han hadde skipa si andre regjering i mars 1923 vart han alvorleg sjuk. Det som han sjølv trudde var ein revmatisk sjukdom, viste seg snart å vere ein dødeleg kreftsjukdom.

Dette vart kjent og dragkampen om kven som skulle etterfølgje Halvorsen som statsminister var i full gang mens han låg på dødsleiet. Han døydde 23. mai 1923.

Det var første gongen ein statsminister hadde døydd mens han sat i embetet, og ein viss tvil rådde om prosedyren for når ei ny regjering skulle ta over. Kong Haakon skar igjennom. Han venta til etter gravferda med å utnemne den nye regjeringa. Halvorsen døydde som statsminister og skulle også gravleggjast som statsminister, meinte kongen.

I 1921 vart Halvorsen tildelt Storkors av St. Olavs Orden «for statsborgarleg og embetsforteneste».

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Otto Bahr Halvorsen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036392061407

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg