Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Otto Hageberg

Otto Annkjell Hageberg, litteraturforskar.  Han var ein allsidig formidlar av poesi og prosa og skreiv bøker om Olav Duun og Ragnvald Skrede.

Hageberg var fødd i Fitjar 12. juli 1936 og døydde 24. november 2014. Han tok examen artium på norrønlinja ved Voss off. landsgymnas i 1956 og vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1965. Emnet for hovudoppgåva var Tor Jonssons dikting.
 
I over 40 år var han knytt til Universitetet i Oslo, først som vitskapleg assistent, så som universitetslektor og førsteamanuensis, og 1985–2006 som professor i nordisk litteratur.
 
Hageberg var ein svært aktiv formidlar, både munnleg og skriftleg, av norsk litteratur. Han gav ut mellom anna Omkring Peer Gynt (1967), Frå Camilla Collett til Dag Solstad (1980) og På spor etter meining (1994). Han skreiv to bøker om Olav Duun (begge 1996) og ein biografi om Ragnvald Skrede, Svidd sjel  (2003). Han skreiv talrike artiklar og innleiingar og var mykje nytta som kritikar.
 
I 1967 var han medredaktør av artikkelsamlinga Kontur og kontrast, ei sentral debattbok om norsk språk og kultur. Han var òg medforfattar til lærebøker i litteratur for ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.
 
Hageberg var i mange år styremedlem i Gyldendal Norsk Forlag. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi. I 1997 vart han tildelt Norsk språkpris.
Kjelder
Per Thomas Andersen (red.): Lesing og eksistens. Festskrift til Otto Hageberg. Oslo 2006
Gudleiv Forr og Helge Vold: Landsgymnaset. Oslo 2007
NTB: «70 år 12. juli: Professor Otto Hageberg», 22.06.2006
Ragnhild Kr. Olsen: «Vil skrive for folk flest», Aftenposten 12.07.1996
Aslaug Veum: «Otto Hageberg: Ein litterær misjonær», Apollon, 2, 1997
Bendik Wold: «Otto er et lesehorn», Morgenbladet 14.–20.07.2006
Peikarar

Først publisert: 21.09.2011
Sist oppdatert: 09.02.2015