Hopp til innhold
X
Innhald

Øystein Hauge

Øystein Hauge (f. 1956 i Vegårshei) debuterte som lyrikar i 1987 med Alle dei svarte fuglane. I 2000 kom haikusamlinga Grønt. Han har publisert fleire bøker med kulturelle tema, ofte med humoristisk vri (anekdotesamlinga Forfattarliv og røre, 1991). 

Han har no gjeve ut seks diktsamlingar. For Predikanten (2012) fekk han Sørlandets litteraturpris. Hauge har arbeidd som rådgjevar for militærnektarane i Noreg og har vore knytt til Bjørnsonfestivalen. Han bur i Fræna.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 16.10.2018
Sist oppdatert: 27.02.2019