Hopp til innhold
Foto: Gerald Zörner/ Cappelen Damm
Foto: Gerald Zörner/ Cappelen Damm
X
Innhald

Paal-Helge Haugen

Paal-Helge Haugen, ein av dei fremste lyrikarane i sin generasjon. Han er allsidig og har ein stor produksjon også som dramatikar, prosaforfattar, librettoskrivar og gjendiktar.

Paal-Helge Haugen er fødd 25. april 1945 i Valle i Setesdal og er busett på Nodeland i Songdalen kommune. Han studerte medisin ved Universitet i Oslo (1964–70) og film og teater i USA (1972–73). Han underviste i film- og skjønnlitterær skriving i 1973–78 og har vore frilansforfattar sidan 1978.
 
Haugen debuterte i 1965 med gjendiktinga Blad frå ein austleg hage, og den første samlinga med eigne dikt kom i 1967. Haugen er oppteken av både lokal forteljetradisjon og engelskspråkleg modernisme. Lyrikken hans er kjenneteikna av musikalske komposisjonsmønster, og han er tydeleg, objektiv og nøktern i formspråket. Poesi. Dikt i samling 1965–1995 kom i 1995, og Kyst. Sør i 2009.
 
Han var medlem av redaksjonen i tidsskriftet Profil 1965–67, formann i Statens Filmproduksjonsutvalg 1980–85, formann i den Norske Forfatterforenings litterære råd 1987–88 og 1993–96 og nestformann i Norske Dramatikerers Forbund.
 
Han skaper kontakt mellom lyrikk og andre kunstartar gjennom samarbeid med ulike kunstnarar. Bøkene hans er omsette til om lag 20 språk, og han har fått ei lang rekkje prisar i inn- og utland. Songdalen kommune har heidra han med Haugen-parken (2000).
 
Frå haikudikt og sakrale tekstar til romanen Anne og diktsamlinga Kvartett
Haugen debuterte med Blad frå ein austleg hage (1965), ei gjendikting av hundre japanske haikudikt i samarbeid med Masahiko Inadomi. Han var ein av dei som introduserte haikudikt for norske lesarar. I 1967 debuterte han som lyrikar med diktsamlinga På botnen av ein mørk sommar.
 
Romanen Anne (1968) var den første norske punktromanen. Lesaren følgjer hovudpersonen Anne i overgangen frå barn til vaksen, samtidig som ho stadig blir sjukare av tuberkulose. Dette er ingen vanleg roman, lesaren blir presentert for mange tekstfragment med spor frå haikudiktinga knytt mellom anna til bibelske forteljingar og korte, nyskrivne lyriske tekstar. Romanen representerer eit skilje i norsk litteraturhistorie ved måten Haugen sameinar prosa og dokumentarisk stoff på.
 
I diktsamlinga Steingjerde (1979) møter forteljaren frå dei indre bygdene i 1950-åra den amerikanske påverknaden gjennom Elvis og rockens villskap. Dette møtet blei opplevd like sterkt som møtet med religionen. Diktsamlinga er òg ei fin og nær skildring av barndommen og det tradisjonelle bygdesamfunnet
 
I Det overvintra lyset (1985), som òg er ei diktsamling, bruker han visuelle inntrykk i tekstane, og dei får dobbel klang når han òg bruker kontrasten mellom lys og mørke, som i Bibelen.
 
Haugen har skrive fleire verk med innslag av eldre sakrale tekstar, mellom anna i Sone O (1992), Pilegrimen (1995), Hans Egedes natt (1995) og Nidaros (1997). Dei religiøse og rituelle tekstane gir stramme rammer, og Haugen prøver ut sitt eige språk mot dei.
 
Diktsamlinga Kvartett (2008) er ein litterær milepåle i norsk poesi, med fire bøker i eitt: Gs bok, Dantes oske, Passasje og Visum. Dei fire bøkene heng saman, men dei er òg sjølvstendige og alluderer til nokre av grunnskriftene i den vestlege kulturen, til dømes Bibelen og Den guddommelege komedien av Dante. Men dei skildrar òg det livet vi lever her og no.
 
Paal-Helge Haugen har òg vore med i arbeidet med den siste omsetjinga av den nynorske utgåva av Det nye testamentet, som kom i 2005. Seinare har han vore medlem av omsetjargruppa som hadde ansvaret for 5. Mosebok og Josva i Det gamle testamentet.
 
Gjennom heile forfattarskapen har Haugen vore oppteken av korleis eldre religiøst språk kan brukast i sekulær poesi i samtida. Forfattarskapen er særeigen og bind saman ulike aspekt på kryss og tvers av historiske epokar, språk, tradisjonar, sjangrar og kunstformer. Han går nær inn på motiva sine og skriv sanseleg, samtidig som han skriv om store eksistensielle spørsmål. Det konkrete og abstrakte glir inn i kvarandre og skaper nye konstruksjonar som fører til ettertanke.
 
Samarbeid med andre kunstnarar
Haugen har samarbeidd med biletkunstnarar som Kjell Nupen, Grete Nash og Jan Groth, komponistar som Arne Nordheim, Iannis Xenakis og Bjørn Kruse, illustratøren Mette Newth, bilethoggaren Gunnar Torvund og forfattaren Erling Kittelsen.
 
Prisar
Paal-Helge Haugen har fått ei rekkje prisar. I 1968 fekk han Norsk kulturråds litteraturpris. Seinare har han fått Nynorsk litteraturpris (1985) for diktsamlinga Det overvintra lyset, den amerikanske Richard Wilbur Prize (1986) og Dobloug-prisen (1986). I 1990 fekk han Kritikarprisen og Cappelenprisen, og han blei nominert til Nordisk råds litteraturpris. 1 1992 fekk han Brageprisen for diktsamlinga Sone O og Songdalen kommunes kulturpris, TONOs Edvard-pris 2001, Aschehougprisen 2008, Gyldendalprisen 2008 og Aust-Agder fylkes kulturpris i 2009.
 
I 2009 blei Haugen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen for norsk litteratur og kulturliv.
 
Kjelder
Ivar Havnevik: Dikt i Norge. Norsk lyrikkhistorie 200–2000. Oslo 2002
Forfattarside om Paal-Helge Haugen, cappelendamm.no, http://www.cappelendamm.no/main/Katalog.aspx?f=7033 [lesedato 28.02.2011]
Øyvind T. Gulliksen: «Paal-Helge Haugen», Norsk biografisk leksikon, bd. 4. Oslo 2001. Elektronisk utgåve ved Store norske leksikon, snl.no,  
William Gunnesdal: «Gyldendalprisen til Paal-Helge Haugen», utdanning.ws, publisert 19.03.2009, http://www.utdanning.ws/templates/udf20____19919.aspx [lesedato 28.02.2011] 
«Paal-Helge Haugen utnevnt til Ridder»,  Fylkesmannen i Vest-Agder,
fylkesmannen.no publisert 20.01.2009, http://www.fylkesmannen.no/enkel.aspx?m=327&amid=2453872 [lesedato 28.02.2011] 
Ingunn Økland: «Litterær milepæl», bokmelding av Kvartett 2008 på Aftenposten.no, publisert 11.03.2008,  http://www.aftenposten.no/kul_und/litteratur/article2305403.ece [lesedato 28.02.2011]
 
Vidare lesing
Fjeldstad, Anton: "Paal-Helge Haugens Anne. En tolkning og tanker omkring en oversettelse". NLÅ 1971 , 147-62
Gulliksen, Øyvind T.: "'Eg er framand / eg er ein pilgrim': Paal-Helge Haugens kirketekster". Bråkenhielm, Carl Reinhold & Torstein Pettersson, red.: Modernitetens ansikten, 2001, 343-60
Gulliksen, Øyvind T.: "'Den stille ekstasen': Paal-Helge Haugens pietisme". NLÅ 1989 , 70-90
Hagen, Alf van der: Dialoger, b. 2: Åtte forfattersamtaler, 1996, 6-39
Karlsen, Ole, red.: Store oskeflak av sol: om Paal-Helge Haugens og Eldrid Lundens forfatterskap, 1995
Langås, Unni: "Paal-Helge Haugens poesi. Ein presentasjon". NLÅ 1983 , 119-35
Moan, MMargrete Giske: "Paal-Helge Haugen: Anne. Språklag, miljøbilete, opplevingsplan, livserkjenning". NLÅ 1979 , 187-201
NBL 2. utg.
Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 7: Inn i medietidsalderen, 1997
Terland, Ingrid: Sørlandsforfattere [...], 2002, 379-93 (bibliografi)
Vannebo, Einar: "I arbeid med formene. Paal-Helge Haugen i samtale med Einar Vannebo". NLÅ 1994 , 14-26

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 28.02.2011
Sist oppdatert: 23.01.2014