Hopp til innhold
X
Innhald

Peder Hovdan

Peder Elenus Hovdan, lærar og kulturhistorikar. Han dokumenterte utbreiinga av nynorsk skriftkultur på mest alle område i eit halvt hundreår.

Hovdan var fødd i Hemne i Sør-Trøndelag 28. mai 1874 og døydde 9. november 1965. Han var fødd Sivertsen, men bytte i 1915 etternamn til Hovdan etter mora. Hovdan tok eksamen ved Levanger lærarskule i 1896 og arbeidde som lærar på Vålerenga, Grønland og i Gamlebyen i Oslo 1899–1940.
 
Frå 1908 til ut i 1950-åra var han eit statistisk einmannskontor med nitid dokumentasjon av utbreiinga av nynorsk i skule, kyrkje og offentleg forvaltning. Noko av denne kunnskapen formidla han visuelt i målkart 1908, 1920 og 1948, der territoriet til kommunar med nynorsk i skulen blei farga raudt. All informasjon skreiv han inn i ein stor protokoll, som no er arkivert i Ivar Aasen-tunet saman med det svært omfattande Arkiv for norsk målreising, som han òg stod for. Utan arbeidet til Hovdan hadde viktige delar av denne kulturhistoria i dag vore udokumentert.
 
I fleire tiår var han med i den indre krinsen i målrørsla også som strateg.
 
Hovdan var æresmedlem i Det Norske Samlaget og Noregs Mållag.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: «Elenus talknusaren», i Det nynorske blikket. Oslo 2002
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 03.05.2013