Hopp til innhold
X
Innhald

Per Husby

Per Husby, fødd  1949, er jazzmusikar, pianist, komponist og arrangør. I 1975–80 var han musikalsk leiar ved Trøndelag Teater. Husby har ofte vore brukt i fjernsynsprogram. I 1989 fekk han Buddy-statuetten, og i 1986 Spellemannprisen, for Dedications. Seinare kom Your Eyes (1987) og Notes for Nature (1990). Husby dirigerte og arrangerte If you could see me now (1995), med mellom andre Karin Krog og ei rekkje leiande amerikanske musikarar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.11.2013
Sist oppdatert: 13.11.2013