Hopp til innhold
X
Innhald

Per Øyvind Heradstveit

Per Øyvind Heradstveit, kringkastingsmann og forfattar. Han har vore kalla den første revolverjournalisten i Noreg.

Heradstveit var fødd i Skjold (no Vindafjord) 26. mai 1932 og døydde i Oslo 11. mai 2004. Han voks opp i Vikøy i Hardanger, tok examen artium ved Voss landsgymnas i 1951 og vart cand.mag. frå Universitetet i Oslo i 1962.
Han byrja i NRK som hallomann i 1956, var knytt til fjernsynet frå 1961, var redaksjonssekretær i Opplysningsavdelinga frå 1972 og programredaktør frå 1983. 1987–92 var han korrespondent i London og 1992–96 programredaktør i Faktavdelinga i fjernsynet.
Som fjernsynsreporter var han pågåande, stilte kritiske spørsmål og har vore kalla vår første  revolverjournalist. Sjølv kalla han intervjuforma for «det kontroversielle intervju». Denne intervjuteknikken, som var ny i NRK, dyrka han mellom anna i programmet «Åpen post» (1966–71, saman med Kjell Arnljot Wig).  Andre programseriar med Heradstveit på 70-talet som òg fekk mykje merksemd, var «Kveldsforum» og «På sparket». Noko seinare markerte han seg med program om mennskesinnet, om psykiske problem, samlivsvanskar, alkoholisme og sjølvmord.  Hen dekte elles mange av dei store politiske sakene i samtida.
Heradstveit var ein uvanleg språkmektig journalist som intervjua på fleire språk. Språk hadde han studert i Dijon i Frankrike, i Hamburg, Mainz, Moskva og Roma, og han hadde vore norsk lektor ved Lycée Corneille i Rouen 1959–60.
Etter at han slutta i NRK i 1996, vart han redaktør i Faktum Forlag. 1997–2000 var han leiar for Statens IT-forum for eldre.
Heradstveit gav ut over 20 bøker om vidt ulike emne. Mellom anna skreiv han om dei hemmelege tenestene, om Kong Haakon og Kong Harald, om Einar Gerhardsen og hans menn, om Lars Korvalds politikk og kall og om historia til bedrifta Norsk Data.
I NRK brukte han nynorsk, bøkene skreiv han på bokmål.
Kjelder
Henrik G. Bastiansen: «Per Øyvind Heradstveit». Norsk biografisk leksikon, bd. 4. Oslo 2001
Hans Fredrik Dahl og Henrik G. Bastiansen: Over til Oslo. NRK som monopol 1945–1981. Oslo 1999
Ketil Jarl Halse og Helge Østby: Norsk kringkastingshistorie. Oslo 2003
Per Øyvind Heradstveit: Ett minutt til sending. Tanker og tvil om TV. Oslo 1970
Per Øyvind Heradstveit: En liten mikrofon i en stor verden. Oslo 1992
Minneord i Aftenposten 27.5.2004 og Stavanger Aftenblad 24.5.2004.
Kjartan Rødland: «Den første revolverjournalist fyller 60». Bergens Tidende 23.5.1992
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012