Hopp til innhold
X
Innhald

Preben Hornung

Preben Hornung, 1919–89, var dansk målar. Hornung byrja å måle impresjonistisk, for så å gå over til eit abstrakt formspråk. Han var oppteken av portrettmaleri dei siste åra. Hornung laga også glasmåleri og hadde dekorasjons- og scenografioppgåver.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2017
Sist oppdatert: 11.04.2017