Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnar Hovland

Ragnar Hovland, forfattar og omsetjar som har skapt eit tekstunivers der det konkrete og det mytiske, det kvardagslege og det absurde vert kopla saman.

Ragnar Hovland er fødd 15. april 1952 i Bergen og flytte mellom fleire stader på Vestlandet i løpet av barndomen og ungdomen. Han er cand.philol. med fransk hovudfag frå Universitetet i Bergen. No er han busett i Oslo.

Hovland har ein stor og variert forfattarskap bak seg, som tel over femti titlar, i tillegg til om lag femti omsetjingar. Han debuterte i 1979 med romanen Alltid fleire dagar. Seinare har det kome noveller, kortprosa, dikt, barnebøker, ungdomsbøker, essays, sakprosa – dels saman med andre forfattarar – og skodespel, i tillegg til ei rekkje romanar. Hovlands signatur er også å finne i spalta «Innsida» i Dag og Tid frå 2001.

Hovland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, mellom anna Brageprisen i 1992 for Ein motorsykkel i natta, Diktartavla i 1999, Kritikarprisen og Nynorsk litteraturpris i 2001 for Ei vinterreise, Norsk litteraturkritikerlags barnepris i 2006 for romanen Fredlaus, Doblougprisen i 2008 og Bastianprisen same året for nyomsetjinga av Georgs magiske medisin av Roald Dahl. Han var festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 1997 og under De litterære festspillene i Bergen i 2008. I 2012 fekk Ragnar Hovland Aschehougprisen. Prisen har vore delt ut sidan 1972 som ein ærespris til norske forfattarar, uavhengig av kva forlag forfattaren tilhøyrer.

Hovland er også omsetjar av fransk, tysk, engelsk og svensk litteratur. Han er hovudkonsulent for skjønnlitteratur på Det Norske Samlaget og med i bandet «Dei nye kapellanane», der han syng og spelar keyboard.

Ein eigen tone

Trass i stor form- og sjangervariasjon har forfattarskapen til Hovland ein eigen tone, som går att frå barnebok til vaksenroman og vidare inn i sakprosaen. Denne tonen har fått mange namn, til dømes ironisk naivisme, nysentimentalisme, vestlandssurrealisme eller rett og slett sprø humor. Tonen er kjenneteikna mellom anna ved intertekstualitet: Både Bibelen, den nynorske songskatten, film og musikk lèt seg spore på og mellom linjene. Eit anna kjenneteikn er dei smidige overgangane mellom kvardagslege situasjonar og det høgst oppsiktsvekkjande eller beint fram utenkjelege.

Landskapet der handlingane utspelar seg, er oftast vestnorsk, men det er sjeldan snakk om ein stad som lèt seg identifisere, med mindre det er snakk om Bergen. Mange av personane er på reise gjennom dette landskapet, av ikkje alltid krystallklare grunnar. Denne reisinga speglar seg i titlar som Ei vinterreise, Ein motorsykkel i natta, Eline og Julie tek ferja, Bjørnen Alfred og Hunden Samuel forlet pappkartongen, Bussen til Peking og, under tvil, Sveve over vatna – for å nemne nokre.

Sauebønder og filosofar

Personane i bøkene har ei eiga evne til å overraske lesaren, gjerne på den måten at dei har meir å fare med enn ein i første omgang skulle tru. Dr. Munk er ein verdig og typisk representant for denne karakteren: Han er sauebonde, filosof, revolusjonær proletar, rytmegitarist, gjesteførelesar ved universitetet og hobbypsykoanalytikar med divan. Dessutan brevvekslar han med Johnny Rotten i Sex Pistols og er elles full av usannsynlege historier. Dr. Munk dukkar første gongen opp i forfattarskapen i Sveve over vatna (1982).

I romanen Ei vinterreise er Hovland meir eksplisitt biografisk og meir uironisk alvorleg enn i tidlegare bøker. Her lèt han annakvart kapittel vere frå dagboka han skreiv då han vart ramma av kreft, fekk behandling og vart frisk att, medan resten av romanen er ein klassisk hovlandsk roadmovie, som også på mange måtar skildrar ei reise på liv og død, men trygt innanfor fiksjonsuniverset.

Hovland fekk tidleg eit trufast og ihuga publikum, blant lesarar og ikkje minst blant forfattarar. Det vil ikkje vere rett å seie at Hovland har danna skule. Men den svært lokale og samstundes europeiske stilen, humoren og bruken av intertekstualitet ser ein att hos yngre forfattarar, ikkje minst hos dei som skriv på nynorsk. Også på denne måten er Hovland ein av dei mest sentrale norske forfattarane dei siste tiåra.

Av sentrale titlar kan nemnast Vegen smal og porten trang (noveller, 1981), Sveve over vatna (roman, 1982), Sjølvmord i skilpaddekafeen (roman, 1989), Ein motorsykkel i natta (ungdomsroman, 1992), Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen (barnebok, 1993), Dr. Munks testamente (roman, 1998), Åleine i Alpane (jubileumsbok, 1999), Ei vinterreise (roman, 2001), Fredlaus (barne- og ungdomsbok, 2006).

Omsetjingar

Når det gjeld dei om lag halvt hundre omsetjingane og gjendiktingane som er signerte Ragnar Hovland, er den raude tråden ikkje like tydeleg: Her er det snakk om eit stort spenn, som går frå Guillaume Apollinaires Den melankolske vaktposten til Lena og Olof Landströms Bø og Bæ blir våte.

Kjelder

Mette Elisabeth Nergård: «Clint Eastwood-predikantar og andre lakoniske vestlendingar», Kirke og Kultur nr. 6/2007

Forfattarside om Ragnar Hovland, hos Det Norske Samlaget, samlaget.no, http://samlaget.no/Forfattarar/H/Ragnar-Hovland.aspx [lesedato 03.11.2010]

Sindre Øye Helgheim: «Hovland fikk Aschehougprisen», nrk.no, publisert 30.8.2012: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.8302831 [lesedato 30.8.2012]

Vidare lesing

Birkeland, Tone m.fl.: Norsk barnelitteraturhistorie, 1997

NBL 2. utg.

Nilsen, Kaj Berseth: "Fiksjon og projeksjon: ei linje gjennom Ragnar Hovlands forfatterskap". Norsklæraren 20, nr. 4 (1996), 54-63

Osdal, Ragnar Didrik: Ragnar Hovland - brot og kontinuitet : "Sveve over vatna" og den nynorske skriftkulturen, 2006 (Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet, 22)

Ragnar Hovland: forfattarhefte, utg. av Biblioteksentralen, 2003

Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 8: Vår egen tid, 1998

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 10.09.2009
Sist oppdatert: 04.10.2018