Hopp til innhold
Ragnhild Hemsing. Pressefoto: Kaupo Kikkas. Kjelde: ragnhildhemsing.com.
Ragnhild Hemsing. Pressefoto: Kaupo Kikkas. Kjelde: ragnhildhemsing.com.
X
Innhald

Ragnhild Hemsing

Ragnhild Hemsing er ein norsk musikar frå Aurdal i Valdres. Ho er ein kjend fiolinist, ikkje berre her til lands, men også internasjonalt. Saman med søstera Eldbjørg har ho grunnlagt og driv Hemsingfestivalen i heimbygda Aurdal.

Ragnhild Hemsing er fødd i Nord-Aurdal 15. februar 1988. Ho vaks opp i Aurdal og begynte å spele fiolin då ho var fem år gamal. Den første opplæringa fekk ho av mor si, musikaren Bente Hemsing, og ho har heile tida spela hardingfele ved sida av fiolin. Frå ho var sju år, var ho elev ved Nord-Aurdal kulturskule, samtidig med at ho pendla til Barratt Due musikkinstitutt i Oslo. I fleire år tok ho privattimar hos professor Boris Kuschnir i Wien. Ragnhild Hemsing er gift med koreografen og dansaren Hallgrim Hansegård, som eig og driv dansekompaniet FRIKAR.

Då Hemsing var 14 år gamal, debuterte ho som solist med Bergen Filharmoniske Orkester og med Trondheim Symfoniorkester. Året etter debuterte ho med Oslo-Filharmonien. Seinare har ho vore solist ved alle dei større norske orkestera, og ved mange store orkester i utlandet. I 2009 spela ho på fredspriskonserten, og i 2010 ved fredsprisutdelinga. Saman med søstera Eldbjørg var ho med i ein dokumentarfilm om livet til fiolinisten Ole Bull. Filmen fekk mellom anna Golden Rose Award på Rose d'Or Festival i Luzern.

Hemsing har spela på Festspillene i Bergen, på andre festivalar i Noreg og på internasjonale musikkfestivalar som Verbier, Bellerive og AlpenKlassik. I 2013 starta ho og søstera Eldbjørg sin eigen kammermusikkfestival – Hemsingfestivalen – i heimbygda Aurdal.

I 2011 spela Hemsing inn CD‑en Yr med musikk av den norske samtidskomponisten Lasse Thoresen. Hallgrim Hansegård laga ei danseframsyning til musikken, og saman har dei turnert landet rundt med denne framsyninga. Hemsing har òg spela inn «Fossegrimen Suite» av Johan Halvorsen med Bergen Filharmoniske Orkester (2011), og Northern Timbre, med verk av nordiske komponistar, saman med Tor Espen Aspaas (2017). På fleire av innspelingane bruker ho både fiolin og hardingfele. Hemsing spelar òg bratsj. I 2011 kom Varde, ein folkemusikk-CD som ho gav ut saman med folkemusikkgruppa Kvarts og søstera Eldbjørg.

Hemsing har fått mange prisar, mellom anna First Prize og European Union Prize under Kocian International Violin Competition. I 2012 fekk ho den prestisjetunge Arve Tellefsens Musikerpris. I 2013 fekk ho Beethoven Ring for beste konsert under den årlege Beethoven-festivalen i Bonn.

Kjelder

Esther Sonja Bergene: «Musikkambassadørane», i Årbok for Valdres 2005, s. 63–69

 

Ragnhild Hemsing, omtale på nettsida til Hemsingfestivalen, hemsingfestival.com: https://www.hemsingfestival.com/artistar [lesedato 19.2.2019]

Ragnhild Hemsing, diskografi, ragnhildhemsing.com: http://www.ragnhildhemsing.com/audio/recordings/ [lesedato 19.2.2019]

 

Peikarar

Nettsida til Hemsingfestivalen, hemsingfestival.com

Westlife og Ragnhild Hemsing, fredspriskonserten i 2009, youtube.com

NRKs serie «Grieg minutt for minutt», ragnhildhemsing.com

Først publisert: 13.01.2020
Sist oppdatert: 27.01.2020