Faktaboks

Ragnvald Hammer
Fødd
12. juni 1913, Lardal, Vestfold
Død
30. mars 1987, Bergen

Ragnvald Hammer var prest, arbeidde det meste av sitt yrkesaktive liv som døveprest. Han er kjend for å ha skrive diktet «Dar kjem dampen».

Ragnvald Hammer blei cand.theol. i 1942 og var frå 1943 til 1947 sekretær for Tromsø krets av Finnemisjonen. Frå 1947 var han hjelpeprest for døve i Oslo, og frå 1952 døvekapellan same staden. Frå 1956 til han gjekk av med pensjon i 1980, var han døveprest for Vestenfjeldske distrikt, frå Rogaland til Møre og Romsdal, med bustad i Bergen.

Hammer gjorde ein stor innsats for dei døve gjennom den lange tenesta si som døveprest. Han var i mange høve like mykje sosialarbeidar som prest. Både i Oslo og Bergen starta han misjonsforeining for døve. I 1956 skipa han eit sommarstemne for døvblinde, som sidan har vore arrangert kvart år. Med stemnet som grunnlag oppretta dei døvblinde sin eigen interesseorganisasjon, Foreningen Norges døvblinde, i 1957. Han var oppteken av at døve skulle leve mindre isolert og laga mellom anna eit hefte i teiknspråk for høyrande som ønskte betre kontakt med døve. I 1963 utarbeidde han den første ordboka for døve i Noreg.

Hammer skreiv dikt og salmar som blei publiserte i lokalpressa. Mest kjent er diktet «Dar kjem dampen» (1953), ein hyllest til rutebåten Oster, som gjekk i rute mellom Osterfjorden og Bergen. Diktet er skrive på strilemål og blei tonesett av visesongaren Ivar Medaas i 1963.

Hammer var æresmedlem i Bergen Døveforening og i Foreningen Norges døvblinde. Han fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1981.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Reidar Bolling (red.): Norges prester og teologiske kandidater. Oslo 1958
  • Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater. Oslo 1974
  • «Døveprest Ragnvald Hammer er død», NTB 1.4.1987
  • Torbjørn Johan Sander: Med landets døve gjennom hundre år. Bergen døveforening 1880–1980, bd. 2: Annen del 1931–1980. Bergen 1980
  • Torbjørn Johan Sander: Døves kirke hundre år. 1894–1994. Oslo 1994
  • Foreningen Norges døvblinde: http://fndb.no

Faktaboks

Ragnvald Hammer
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000003493200

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg