Hopp til innhold
X
Innhald

Reidar Hauge

Reidar Hauge, organist og kordirigent, som gjennom skipinga av Glogerakademiet i 2001 og Glogerfestspillene i 2002 har gitt tyngde til musikklivet i Kongsberg.

Reidar Hauge varfødd 28. mars 1947 i Stryn i Nordfjord og døydde 19. september 2011. Etter fullført utdanning ved Arna vidaregåande skule studerte han ved Bergen musikkonservatorium, der han tok høgare kantor- og organisteksamen i 1969. I 1970 tok han vidare musikkutdanning ved University of Minnesota og fullførte ein mastergrad i musikk i 1972.
Som kyrkjemusikar hadde Hauge ei omfattande verksemd. I 1973 vart han tilsett som kantor i Kongsberg kirke. Same året stifta han Kongsberg Kantori. Dette koret dirigerte han til 2007, mellom anna med framføringar av dei fleste store oratoria frå musikklitteraturen.
Kantoriet var ikkje den einaste musikalske institusjonen Hauge stifta i Kongsberg. I 1998 kom regionkoret For Alle, som årleg held konsertar med songarar frå heile landet. Glogerfestspillkoret og Glogerakademiet vart etablerte i 2001. Med desse ensembla og som organist gjennomførte han talrike konsertar lokalt og internasjonalt.
Hauge gjorde elles ein vesentleg innsats for restaureringa av det historiske Glogerorgelet. I 1993 oppretta han ein komité for innsamling av midlar. Her var han leiar til 2001, då orgelet, som i dag er det største historiske instrumentet i Norden, stod ferdig i Kongsberg kirke. Hauge tok initiativ til Glogerfestspillene, som første gongen gjekk av stabelen i 2002. Hauge var dagleg leiar av Glogerakademiet fram til han døydde.
Kjelder
E-post frå Reidar Hauge 13. og 18. mai 2010
Om Roger Hauge på nettstaden til Glogerfestspillene, glogerfestspillene.nohttp://www.glogerfestspillene.no/nb/om-oss/119-daglig-leder-reidar-hauge [lesedato 14.09.2010]

Først publisert: 20.09.2010
Sist oppdatert: 30.04.2013