Hopp til innhold
Foto: Lena Sørensen
Foto: Lena Sørensen
X
Innhald

Sigrid Merethe Hanssen

Sigrid Merethe Hanssen, forfattar. Ho skriv mellom anna om avgjerande opplevingar i livet og mangel på kommunikasjon.

Sigrid Merethe Hanssen er fødd 8. februar 1966 på Finnsnes. Ho er utdanna cand.philol. frå Universitetet i Oslo (1993) med hovudfag i nordisk. Hovudfagsoppgåva har tittelen Lykke og plikt. En undersøkelse av Ibsens dikt om kunst og kjærlighet.
Ho debuterte i 2007 med novellesamlinga Sprang. I novellene får lesaren følgje ulike menneske i ulike aldrar, i ulike miljø og frå ulike perspektiv. Hanssen skildrar overgangsfasar i livet til desse menneska på ein konkret og stillferdig, men nådelaus måte. Hanssen skriv om små avgjerande opplevingar og får fram at livet alltid er i endring.
I novellesamlinga Ingen heime (2009) skildrar ho på ein medrivande, truverdig og språkleg sikker måte menneske som går ut av dei faste rammene om livet og kva verknader det får. Mangel på kommunikasjon er eit sentralt tema. Novellene er korte, utan innfløkte handlingar, men med oppattakingar og rytme i språket.
I 2011 debuterte ho som barnebokforfattar med boka Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet. Den første romanen hennar Sofia kom i 2013. Hovudpersonen er ei kvinne som reiser til Hellas for å skrive og treffer den døvstumme Sofia som ho får ein særskilt kontakt med.
Hanssen fekk Blixprisen (2007) for Sprang og Sigmund Skard-stipendet i 2009 etter at ho gav ut Ingen heime.
Kjelder
E-post frå Sigrid Merethe Hanssen, 22.10.2014
Sigrid Merethe Hanssen, eigen nettstad, sist oppdatert 22.3.2011, www.sigridmerethehanssen.no [lesedato 23.3.2011]
Sigrid Merethe Hanssen, forfattarside, samlaget.no, http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/H/Sigrid-Merethe-Hanssen.aspx [lesedato 23.3.2011]
Peikarar

Først publisert: 03.11.2011
Sist oppdatert: 20.11.2014