Hopp til innhold

Sjur Helgeland

Sjur Helgeland, tradisjonsbunden folkemusikar og komponist frå Voss. Han skaffa seg tidleg eit ry som meisterspelemann ved å dra på spelferder og ved å halde konsertar.

Sjur Helgeland var fødd 19. august 1858 i Myrkdalen i Voss kommune, ved foten av Vikafjellet. Her hadde han basen sin gjennom heile livet, til han døydde 12. april 1924. Han fekk tidleg interesse for den lokale folkemusikken, og alt som 12-åring tok han til å spele hardingfele til dans og i bryllaup. Han utvikla seg som spelemann ved å lære av Ola Mosafinn og Lars Fykerud, og han vart sjølv etter kvart læremeister og inspirator for Lars Skjervheim, Sigbjørn Bernhoft Osa og seinare Leif Rygg, som alle stod planta i same tradisjon. Også Edvard Grieg lydde til og skreiv ned slåttar frå Helgeland. Det finst mykje tradisjonsstoff etter han i Arne Bjørndal-samlinga ved Griegakademiet i Bergen.
Då Vestmannalaget skipa til den første landskappleiken i Bergen i 1896, vann Sjur Helgeland førsteprisen, slik han også gjorde to gonger seinare.
Han komponerte «Budeiene på Vikafjellet», «Sivlefossen», «Jernbanemarsj» og «Heimlengt».
Kjelder
Torstein Hellesnes: Gardssoge for Vossestrand, Vinje sokn. Voss 1972
Ole Didrik Lærum: Spelemannen Sjur Helgeland. Oslo 1991
Jostein Mæland: Ervesylvet. Folkemusikksoga for Vossabygdene. Voss 1991
Samstyret for Myrkdalen: «Sjur Helgeland», i myrkdalen.org, sist oppdatert 15.7.2008: http://www.myrkdalen.org/om_myrkdalen/kjende_myrkdole/Sjur_Helgeland.html [lesedato 3.3.2011]

Først publisert: 22.11.2011
Sist oppdatert: 02.05.2013