Hopp til innhold
X
Innhald

Snorri Hjartarson

​Snorri Hjartarson var ein islandsk lyrikar som skreiv både naturlyrikk og politiske dikt.

Snorri Hjartarson, 1906–1986, var ein islandsk lyrikar som skreiv i ein syntese mellom modernisme og ein fornya tradisjon. Hjartarson studerte ved Kunstakademiet i Oslo 1931–1932 og skreiv sin første roman på norsk, Høit flyver ravnen, i 1934. Den første diktsamlinga var skriven på islandsk og bar tittelen Kvæði (1944). Hjartarson skreiv mykje naturlyrikk, men Á Gnitaheiði (1952) inneheld politiske dikt. Lauf og stjörnur kom ut i 1966. Eit utval i norsk omsetjing heiter Lyng og krater (1968). Hauströkkrið yfir mér (1980) fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1981. Den norske gjendiktinga som kom ut same året, har tittelen Haustskyming over meg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.05.2016
Sist oppdatert: 23.05.2016