Hopp til innhold
X
Innhald

Stephen Hales

Stephen Hales, 1677–1761, var engelsk naturforskar og prest. Hales er rekna som grunnleggjaren av eksperimentell plantefysiologi. Han påviste mellom anna at plantene tek ein del av næringa si frå lufta. Vidare klarla han fysiologien i blodsirkulasjonen og var den første som målte blodtrykk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2013
Sist oppdatert: 28.11.2013