Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Børge Hoftun

Svein Børge Hoftun, gestaltterapeut og forfattar av ungdomsbøker.

Svein Børge Hoftun er fødd 20. august 1966 i Sauda og er busett på Nesøya. Han er utdanna cand.mag. frå Universiteta i Oslo og Bergen (1990–95), master of Management ved Handelshøyskolen BI i Oslo (2001–05) og gestaltterapeut ved Norsk gestaltinstitutt (2007–11). Hoftun har arbeidd som journalist i lokalavisa Ryfylke (1986–86, 1990–91), fritidsklubbleiar (1994–96), driftsleiar (1996–99), seksjonsleiar (1999–2001), einingsleiar (2004–06) og seniorkonsulent (2006–10) i Oslo kommune. Han arbeider no som avdelingsdirektør i Utviklings- og kompetanseetaten i Oslo kommune (2011).
Hoftun debuterte i 1996 med ungdomsromanen Plasket, der han skildrar hendingar i livet til førsteklassingen Sjur. Hoftun skriv elegant, sjarmerande og med underfundig humor om oppvekst.
I 2003 kom ungdomsboka I drift. Dette er ein oppvekstroman og ein sjølvstendig oppfølgjar av Plasket, der Sjur er blitt tenåring. I drift handlar om kjærleik, venskap og seksualitet, skildra med eit intenst språk med elegant vri.
Full pott i hjerter (2009) er ei spennande og realistisk historie om brørne Jon og Steinar frå Torshov som rømmer frå mor, skule og barnevern på leit etter far sin. Forteljinga blir ei mordgåte der omsorgssvikt, rus og homofili er sentrale emne.
Kjelder
E-post frå Svein Børge Hoftun 30.6.2011
Svein Børge Hoftun, forfattarside, samlaget.nohttp://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/H/Svein-Boerge-Hoftun.aspx [lesedato 29.6.2011]
Peikarar

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012