Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Hatløy

Svein Hatløy, sivilarkitekt MNAL og tidlegare rektor ved Bergen Arkitektskole.

Svein Hatløy var fødd 12. mai 1940 i Årdal i Ryfylke og døydde 11. juli 2015. Han var utdanna frå NTH i Trondheim og Akademia Sztuk Pieknych (Kunstakademiet) i Warszawa (1960–65) og tok vidare utdanning ved Polska Akademia Nauk (Vitskapsakademiet) i 1967–70. Både som arkitekt og teoretikar var Hatløy oppteken av arkitekturen på Vestlandet og samspelet mellom hus, menneske, kultur og klima.

Hatløy var med på å skipe Markenkontoret, som i 1972 gjekk inn i det som vart arkitektgruppa CUBUS. Han gjekk ut av CUBUS i 1977 og etablerte så arkitektkontoret Gult felt. I 1986 var han med på å skipe Bergen Arkitektskole, BAS (no Bergen arkitekthøgskole) og var professor og rektor der frå 1986 til 2007. I CUBUS, og endå meir i Gult felt, var studentar frå BAS ein del av arbeidsfellesskapen.

Hatløy har saman med kollegaer frå CUBUS teikna fleire bygg. Tveiterås skole (1973) og Loddefjord skole (1974, tildelt A.C. Houens fonds diplom i 1988) teikna han saman med Helge Borgen og Bertram D. Brochmann. Kystmuseet i Florø (1985) teikna han saman med Kåre Frølich.

Hatløy vart målberar for teoriar om «open form», som handlar om å skape inkluderande arkitektur som tener eit skiftande liv og tillèt endringar. Dette var ein motsats til modernismen sitt einsidige fokus på funksjonalisme og formalisme.

Hatløy har skrive fleire artiklar om arkitektur og planlegging av bustader og burettslag.

I 2001 fekk Hatløy tildelt æresmedlemskap i Norske Arkitekters Landsforbund for arbeidet ved Bergen Arkitektskole, og i 2009 fekk han Norsk Forms heiderspris for same arbeidet.

Kjelder

Arne Gunnarsjaa: Arkitekturguide for Norge. Oslo 2002

Arne Gunnarsjaa: Norges Arkitekturhistorie. Oslo 2006

Arkitektgruppen Cubus: «En av Cubus sine grunnleggere, Svein Hatløy er død», arkitektgruppen-cubus.no, publisert 16. juli 2015: http://arkitektgruppen-cubus.no/siden-sist/minne [lesedato 29.8.2015]

Per Morten Ekerhovd: «Minneord om Svein Hatløy», arkitektur.no, sist oppdatert 12.8.2015: http://www.arkitektur.no/minneord-om-svein-hatloy [lesedato 29.8.2015]

Svein Hatløy, brukarprofil, linkedin.com: http://www.linkedin.com/pub/svein-hatløy/56/648/2a9 [lesedato 15.8.2014]

Sixten Rahlff: «Til minne om professor og arkitekt Svein Hatløy», bas.org, publisert 2015: http://www.bas.org/Nyheter/Til-minne-om-professor-og-arkitekt-Svein-Hatloy-(fodt-12-mai-1940-dod-11-juli-2015) [lesedato 29.8.2015]

Først publisert: 28.01.2016
Sist oppdatert: 23.09.2016