Hopp til innhold
X
Innhald

Tom Hetland

Tom Magnar Hetland, journalist og redaktør. I Stavanger Aftenblad har han markert seg som ein nynorskskrivande redaktør i ei språkblanda avis.

Tom Hetland er fødd 10. juli 1954 i Høyland (i dag del av Sandnes kommune i Rogaland). Han tok examen artium ved Sandnes gymnas i 1973, fullførte russiskkurset i Forsvaret i 1976 og vart cand.philol frå Universitetet i Bergen i 1983 med hovudfag i historie. Tittelen på hovudoppgåva var Sovjetunionen og norsk tryggingspolitikk 1948–59.
Han var journalistaspirant i Dagbladet Rogaland 1973–74, journalist i Telemarkingen 1979–81, redaksjonssekretær i Midhordland 1983–85 og informasjonskonsulent ved Universitetet i Bergen 1985–86. Frå 1986 har han vore tilsett i Stavanger Aftenblad, først som journalist, frå 2000 som politisk redaktør, og frå 2002 var han sjefredaktør. I august 2011 sa han opp stillinga for å gå over i skrivande arbeid avisa. Frå 2012 er han kommentator og journalist. Han har markert seg som ein nynorskskrivande journalist og redaktør i ei språkblanda avis.
Hetland var redaktør for Noreg Mållags sitt blad Norsk Tidend 1985–86. I 1990 gav ut praktboka Jæren Liv og landskap.
Han fekk i 2007 Nynorsk redaktørpris, utdelt av Mediemållaget.
Kjelder
«Nynorskpris til Aftenblad-redaktør». Nationen 6.11.2007
«Tom Hetland 50 år». Stavanger Aftenblad 9.7.2004
Tom Hetland: «Kven eig nynorsken?» Stavanger Aftenblad 26.10.2007
Tom Hetland: «Ytring: Overlever norsk språk til 2105?» Stavanger Aftenblad
Kjersti Mjør: «Redaktør med hjarte for nynorsken». Bergens Tidende 4.11.2007
Jarle Natland: «Ni år på toppen var nok». Stavanger Aftenblad 30.8.2011
Leif Tore Sædberg: «Bokmål er meir truga enn nynorsk». Stavanger Aftenblad 15.3.2004
Gry Solem: «Språkpris til Tom Hetland». Stavanger Aftenblad 5.11.2007
Per Inge Torkelsen: «Portrettet: Den ansvarlege redaktøren». Stavanger Aftenblad 15.9.2006
Kjell Venås: Mål og med. Noregs Mållag i 1980-åra. Oslo 1991
Nils E. Øy (red.): Pressefolk 1997. Institutt for journalistikk 1998
Peikarar

Først publisert: 18.05.2012
Sist oppdatert: 25.05.2012