Hopp til innhold
X
Innhald

Tone Hansen

Tone Hansen, kunstnar, kunstskribent og direktør ved Henie Onstad Kunstsenter i Bærum, ein av dei viktigaste institusjonane for samtidskunst vi har i Noreg. Frå 2016 er ho òg leiar for Kulturrådet.

Tone Hansen er fødd i 1970 i Kirkenes i Finnmark og voks opp i Klæbu i Sør-Trøndelag. Ho tok vidaregåande skule i 1986–89 og studerte ved Statens Kunstakademi i Oslo i 1994–98 og seinare ved Konsthögskolan i Malmö. I perioden 2003–08 var ho stipendiat ved Statens Kunstakademi med prosjektet «Megamonstermuseum». Hansen var kurator ved Henie Onstad Kunstsenter i 2008–11, før ho blei tilsett som direktør i 2011.

På Henie Onstad Kunstsenter har ho vore ansvarleg for ei rekkje nasjonale og internasjonale utststillingar, mellom anna med kunstnarane Håkon Bleken, Saskia Holmkvist og Hito Steyerl.

I samband med stipendiatstillinga ved Statens Kunstakademi gav ho i 2007 ut boka Hvordan tenke museum i dag? Ho var òg redaktør for antologiane What does Public mean? Art as a Participant in the Public Arena (2006) og The New Administration of Aesthetics (2007). Foto, video og tekst er media hennar som utøvande kunstnar.

Hansen er oppteken av kunsten sin plass i samfunnet og av å vise at Henie Onstad Kunstsenter ikkje er eit kunstmuseum, men eit kunstsenter der ny kunst blir produsert, og ho meiner at leiaren skal ha kunstfagleg bakgrunn. Ho vil òg vere med på å leggje premissa for kulturlivet i framtida og leggje til rette for nye kunstnarlege uttrykk.

Hansen var med på å starte kunstmagasinet Frotté, var styreleiar i Unge Kunstneres Samfund (UKS) i 2003–05 og er leiar for Kulturrådet i perioden 2016–19.

Kjelder

Erik Bjørnskau: «Tone Hansen skal lede Høvikodden», aftenposten.no: http://www.aftenposten.no/kultur/Tone-Hansen-skal-lede-Hovikodden-5114678.html [lesedato 6.2.2016]

Synnøve Nord: «Tone Hansen ny leder for Kulturrådet, kulturkompasset.no: http://www.kulturkompasset.com/2016/01/18/tone-hansen-ny-leder-for-kulturradet/ [lesedato 6.2.2016]

Johanne Nordby Wernø: «Regimekritikk», intervju med Tone Hansen, dagbladet.no: http://www.dagbladet.no/2012/09/18/kultur/kunst/billedkunst/tone_hansen/henie_onstad_kunstsenter/23189790/ [lesedato 5.2.2016]

Peikarar

Ballade: «Megamonstermuseum – hvordan tenke museum i dag?»

Kulturrådet: «Nytt kulturråd i 2016»

Bendik Wold: «Kunsten og politikken», klassekampen.no

Henie Onstad Kunstsenter

Først publisert: 22.03.2017
Sist oppdatert: 22.03.2017