Hopp til innhold
Tone Hødnebø. Foto: Rolf M. Aagaard / Kolon Forlag. Nytta etter avtale.
Tone Hødnebø. Foto: Rolf M. Aagaard / Kolon Forlag. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Tone Hødnebø

Tone Hødnebø er lyrikar.  Ho har gitt ut fleire diktsamlingar og gjendiktingar, og fått fleire prisar for forfattarskapen sin. 

Tone Hødnebø, fødd 5. november 1962 i Tønsberg, er lyrikar. Ho har studert engelsk, nordisk og drama, film og teater ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Trondheim. I 1987 gjekk ho på Skrivekunstakademiet i Hordaland og i 1998 gjekk ho på forfattarstudiet i Bø. 

Ho debuterte med diktsamlinga Larm (1989) og skreiv vidare Mørkt kvadrat (1994), Pendel (1997) og Stormstigen (2002), Skamfulle Pompeii (2004), Et lykkelig øyeblikk. Dikt i utvalg ved Janike Kampevold Larsen (2005), Nedtegnelser (2008) og Nytte og utførte gjerninger (2016). Hødnebø har òg gjendikta Emily Dickinson (1995) og den kanadiske poeten Anne Carson sine diktsamlingar Glass, ironi og Gud (2014) og Rød selvbiografi (2019). Ho var medredaktør i litteraturtidsskriftet Vagant i åra 1990–1997. 

I 2003 fekk ho Sultprisen og i 2005 Doblougprisen. Hødnebø var festspeldiktar under festspela i Bergen i 2007. I 2018 fekk ho både Triztan Vidtorns poesipris og Gyldendalprisen for 2017, og i 2019 fekk ho prisen Diktartavla.  

Først publisert: 03.05.2016
Sist oppdatert: 05.11.2019