Tone Hulbækmo, songar, komponist og arrangør, som har vore ein pioner i å formidle tradisjonsstoff i utradisjonelle og sjangerkryssande utformingar.
Tone Hulbækmo er fødd
27. september 1957 i Tolga i Østerdalen. Faren, Alf Hulbækmo (1903–87), var
organist og ein viktig tradisjonsformidlar for henne frå barndomen av. Ho blei vidare
tidleg medlem av ensemblet til fløytespelaren Egil Storbekken, Tolgatusseladdene.
I tillegg til å ha song som hovudinstrument spelar ho piano, orgel og harpe.
Hulbækmo er ein
akademisk utdanna tradisjonsformidlar. Ho var elev ved Toneheim Folkehøgskole i
1976–77 og student ved Universitetet i Oslo frå 1977, der ho tok grunnfag i sosialantropologi
og mellomfag i musikk. Ho er gift med musikaren Hans Fredrik Jacobsen, som har
vore ein sentral bidragsytar og samarbeidspartnar på dei fleste plate- og
konsertprosjekta hennar. Dei er òg begge medlemmer av mellomalderensemblet
Kalenda Maya. Sidan 1989 har dei vore busette i Tolga.
Plateinnspelingar og konsertprosjekt
I 1983 gav Hulbækmo
ut den første plata si, Kåmmå no, som
blei heidra med Spelemannsprisen. På denne utgivinga står tradisjonsmusikk frå
østerdalsdistriktet sentralt. Den neste soloplata hennar, Svevende jord (1986), inneheld gamle folketonar, bånsullar og kulokkar
frå eit større geografisk område. Dei nyskrivne arrangementa er dels for
tradisjonelle instrument som harpe, seljefløyte og fele, dels for synthesizer
og perkusjonsinstrument som marimba. Til tittelsporet på plata regisserte
Sverre Pedersen ein musikkvideo, den første nokon gong laga til norsk
folkemusikk, og produksjonen blei kåra til beste norske musikkvideo det året. Same
året turnerte ho i USA i seks veker og heldt 20 konsertar.
I 1988 gav Hulbækmo
og Jacobsen ut barneplata Langt nord i
skogen. Også her finn vi den karakteristiske kombinasjonen av vokalt
tradisjonsmateriale (norske barnerim og -regler) og nyskrivne arrangement for
moderne instrument. Mellom anna er den brasilianske perkusjonisten Celio de
Carvalho sentral i lydbiletet, og også denne plata blei heidra med Spelemannsprisen.
Plata Konkylie (1995) består av 16
tonesetjingar til dikt av Halldis Moren Vesaas, mens Kyrja (dialekt for «kyrie») frå 1999 består av eldre religiøst materiale
frå Østerdalen.
Saman med Jacobsen
har ho komponert framsyninga Østafor sol
og måne (1994), som inngjekk i kulturprogrammet under OL på Lillehammer, musikk
til musikalen Uren, luren, himmelturen
for Hedmark teater (tekstar av Per Aas-Eng og Rolf Norsen, 1998) og Babels forståelse for Førde
internasjonale folkemusikkfestival (1999). I 2000 samarbeidde ho med
komponisten Dag Øyvind Rebnord om korkomposisjonen Kvinnesagn (2000), der dei skreiv kvar sine delar.
Kjelder
Ove Røsbak: «Verdensmusikeren»,
Spelemannsbladet nr. 3/ 2009
Vegar Vårdal: «Tone
Hulbækmo», Norsk biografisk leksikon, bd. 4. Oslo 2001
Først publisert: 21.02.2011
Sist oppdatert: 03.05.2013