Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Tore Elias Hoel

Tore Elias Hoel er forfattar, særleg kjend for ungdomsromanane sine. Han fekk Blix-prisen for boka Glaskula.

Tore Elias Hoel er fødd 14. desember 1953 i Harstad, men han bur no i Bodø, der han arbeider som norsklektor ved Bodø videregående skole. Han har han vore tilsett der sidan 2006. Tidlegare har han undervist ved andre vidaregåande skular, universitet og høgskular. Han tok examen artium ved Harstad gymnas (no Heggen videregående skole) i 1972. Han er cand.philol. frå Universitetet i Tromsø i 1982 med faga nordisk hovudfag, historie mellomfag og massekommunikasjon grunnfag.
Hoel debuterte med diktsamlinga Å fange en hval i 1979. To år etter kom diktsamlinga Presidentens ro. Han har sjølv omtalt dikta sine som politisk lyrikk skrive på ein ekspresjonistisk måte, og det kan han ha rett i. Dikta hans er dessutan meta-lyriske og handlar om språk og dikting.
I 1988 gav Hoel ut ungdomsboka Verdsmeisteren. Sidan følgde ei rekkje ungdomsromanar med ulike emne, frå korsong i Nairobi til streik i Gdansk og alkoholisme i Noreg. Handlinga i romanane skjer innanfor kort tid, oftast eit døgn, og dei tek utgangspunkt i ei kaoskjensle, der også sorg og sakn står sentralt. Hoel tek opp vanskelege tema på ein var måte, og han skriv ein lettforståeleg nynorsk som er farga av den nordnorske dialekten hans. For dette fekk han Blix-prisen i 2003, då Glaskula kom ut. Denne boka handlar om Stine, som er i ferd med å verte psykotisk etter å ha mist systera, men finn henne att i ei klinkekule. I 2005 skreiv Hoel librettoen til Jomfru Rosenving på Santavajasø, ein opera for barn, oppført i Bodø og Mo i Rana.
Hoel sit i Språkråd-nemnda for normering av nynorsk, som skal avslutte arbeidet sitt i 2011.
Kjelder
E-post frå Tore Elias Hoel 04.01.2010
Intervju med Dag og Tid 29.11.2003
Peikarar

Først publisert: 17.03.2010
Sist oppdatert: 29.04.2013