Hopp til innhold
Torill Thorstad Hauger. Foto: Gyldendal.
Torill Thorstad Hauger. Foto: Gyldendal.
X
Innhald

Torill Thorstad Hauger

Torill Thorstad Hauger, 19432014, var forfattar og biletkunstnar. Ho debuterte i 1976 med den prislønte dokumentarskildringa Karl Eugen Olsen fra Vika. Hauger har skrive dokumentarbøkene Krestiane Kristiania (1984) og I Dorotheas hus (1986) om kvinnelagnader på 1600-talet og fleire barne- og ungdomsbøker med historisk bakgrunn, mellom andre Sigurd drakedreperen (1982), som er filmatisert, Ravnejenta (1989), Den lange reisen i fire band (1987–91), Sagaen om Håkon og Kristin (1993) og Simon og St. Hallvard (1999). Den historiske romanen Måne over Eikaberg kom ut i 1998. Hauger fekk Kritikerprisen for barne- og ungdomsbøker i 1980, Prøysenprisen i 1984, Dobloug-prisen i 1991 og Nordisk barnebokpris 1994.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.04.2016
Sist oppdatert: 28.04.2016