Hopp til innhold
Tormod Haugen. Foto: Leif Ørnelund. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0.
Tormod Haugen. Foto: Leif Ørnelund. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0.
X
Innhald

Tormod Haugen

Tormod Haugen er forfattar og omsetjar. Haugen er omsett til fleire språk, og han har sjølv mellom anna omsett Narnia-serien av C.S. Lewis.

Tormod Haugen, fødd i 1945, er forfattar og omsetjar. Han har gitt ut ei rekkje barne- og ungdomsbøker som overskrid det tradisjonelle skiljet mellom barne- og vaksenlitteratur, mellom andre Zeppelin (1976), som vart filmatisert, Dagen som forsvant (1983), Vinterstedet (1989), Tsarens juveler (1992), På sporet av Frøken Detektiv (1993), Georg og Gloria (og Edvard) (1996) og Luftvandreren (1999). Han skriv òg høyrespel og skodespel. Haugen er omsett til fleire språk, og han har sjølv mellom anna omsett Narnia-serien av C.S. Lewis. Han fekk Litteraturkritikerprisen i 1979, Bastianprisen i 1988 for barne- og ungdomsbøker, H.C. Andersen-prisen i 1990 og Norske Barne- og Ungdomsbokforfatteres ærespris i 2000. Frå 2004 er Haugen statsstipendiat.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.04.2016
Sist oppdatert: 28.04.2016