Trond Husebø
Trond Husebø, dirigent og bratsjist, er i 2009–2011 assistentdirigent i Bergen Filharmoniske Orkester.
Trond Husebø er fødd i Bergen 17. august 1979 og er oppvaksen i Ølen kommune. Han er utdanna ved Noregs musikkhøgskole, der han i 1998–2002 tok cand.mag.-graden i instrumentalpedagogikk, med bratsj som hovudinstrument. Same staden hospiterte han ved direksjonsstudiet (2002–03), før han i 2005 fullførte diplomeksamen i direksjon, med Ole Kristian Ruud som lærar.
Som dirigent har han leidd fleire av dei norske symfoniorkestra og korpsa, og han har stått i bresjen for det tsjekkiske Prague Film Orchestra ved innspelingar av norsk filmmusikk.
For perioden 2009–11 er han engasjert som assistentdirigent i Bergen Filharmoniske Orkester. I tillegg til å assistere sjefsdirigent Andrew Litton har han gjort fleire eigne produksjonar med ensemblet. Her har han arbeidd med eit allsidig repertoar, frå eldre orkesterklassikarar til nyare musikk. I perioden som assistentdirigent har han elles synt seg som ein lovande utøvar, med presisjon som eitt av varemerka sine.
Husebø er òg å finne som bratsjist i ulike orkester og kammerensemble i Noreg.
Kjelder
Trond Husebø, e-post, 20.12.2010
Først publisert: 19.10.2011
Sist oppdatert: 02.05.2013