Hopp til innhold

Vidar Høviskeland

Vidar Høviskeland har frå 1998 vore dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Han er også styreleiar i stiftingane Magasinett og Pirion, og han sit i styret i Det Norske Teatret (vara) og i Hordaland Teater.

Vidar Høviskeland er fødd på Tysnes i Sunnhordland 16. desember 1954. Han er cand.mag. frå Universitet i Bergen, med fagkrinsen sosialantropologi, litteraturvitskap, offentleg administrasjon og organisasjonskunnskap. Etter studiane var han tilsett i fire år ved informasjonsseksjonen i Fiskeridirektoratet (1980–84), deretter ti år som kulturkonsulent i Tysnes kommune (1984–94). I 1994 vart han tilsett som skulemålsskrivar i Noregs Mållag, der han arbeidde i tre år.
 
Sidan 1995 har Høviskeland vore aktiv som arbeidarpartipolitikar i heimkommunen Tysnes. Han sat i Tysnes formannskap i tolv år (1995–2007) og var gruppeleiar for Tysnes Arbeidarparti i same perioden. I tillegg sit han i styret i Tysnes Sparebank.
 
Elles har han bakgrunn som styreleiar og redaktør for bladet Tysnes. I alle år har han drive med frilansjournalistikk, og han er aktiv hobbymusikar.
 
Kjelder
Vidar Høviskeland 
 
Peikarar

Først publisert: 29.01.2010
Sist oppdatert: 25.04.2013