Hopp til innhold
Foto: Fredrik Arff/ Cappelen Damm
Foto: Fredrik Arff/ Cappelen Damm
X
Innhald

Vigdis Hjorth

Vigdis Hjorth, forfattar. Hjorth sine romanar er humoristiske, men også eksistensielle og politiske. Romanpersonane er ofte sterke og sårbare på same tid, og gjennom auga til desse personane skildrar Hjorth kjønnsroller og kvinner sine vilkår og det moderne mennesket sine evige utfordringar.

Vigdis Hjorth er fødd 19. juli 1959 i Oslo. Ho har cand.mag.-grad frå Universitetet i Oslo (1983), med filosofi, idéhistorie, statsvitskap og litteraturvitskap i fagkrinsen. Etter studiane har ho vore forfattar på heiltid.
Hjorth debuterte i 1983 med barneboka Pelle-Ragnar i den gule gården og har seinare skrive fleire gode barnebøker. Gjennom skogen (1986) er den første romanen for vaksne, medan Drama med Hilde (1987) sikra henne gjennombrotet som romanforfattar. I dei seinare åra har romanane til Hjorth fått eit tydelegare særpreg og ofte større kvalitet. Titlar som Om bare (2001) Hjulskift (2007), Tredje person entall (2008) og Leve posthornet! (2012) er høgdepunkt i forfattarskapen. Ho har òg publisert essay, til dømes i samlinga Fryd og fare – essay om diktning og eksistens (2013). Ho har vore redaktør for Barnetimeboka to gonger (1989/90 og 1991/92).

For Pelle-Ragnar i den gule gården fekk Hjorth Kulturdepartementet sin debutantpris i 1983. I 1985 fekk ho Kritikarprisen for beste barnebok for Jørgen + Anne er sant (1984). Ho har seinare fått Cappelenprisen i 1989, Gyldendalprisen for heile forfattarskapen i 2010 og Kritikarprisen for Leve posthornet! i 2012, Brages heiderspris i 2014 og Bokhandlerprisen i 2016 for Arv og miljø.

Barn og kjærleik

Som forfattar av barne- og ungdomslitteratur har Hjorth vore modig – og stundom dristig – i val av tema. Debutboka Pelle-Ragnar i den gule gården (1983) handlar om Pelle-Ragnar, men også om mora si merkverdige slekt i Gudbrandsdalen. Dei mange sideforteljingane som mora fortel om onklane og tantene til Pelle-Ragnar, har jamleg dukka opp i norske lesebøker for skulen.
Jørgen + Anne er sant (1984) skildrar den viljesterke Anne Lunde si første røynsle med kjærleiken. Ho forelskar seg i Jørgen Ruge, noko som får fram både det beste og det verste i henne. Gjennom Hjorth sitt kjenslevare språk blir det tydeleg at kjærleiken er minst like alvorleg for barn som han er for vaksne. Boka blei filmatisert i 2011 i regi av Anne Sewitsky.

Erotikk, kjensler og drama

Med Drama med Hilde (1987) sette Hjorth tonen for forfattarskapen i 1980- og 90-åra. Romanen fortel historia om den engstelege dramalærarinna Hilde Bøe med ironi og humor. Med tydeleg symbolbruk og ein hektisk stil skildrar Hjorth det moderne mennesket sine vanskar med å leve sine eigne liv. I Fransk åpning (1993) nyttar ho erotikken for å problematisere Laura Buvik sitt tilsynelatande vellukka liv. Som programvert i radio snakkar Buvik stadig om å bryte ned avstandar i eige liv, men held sjølv avstand til både personane og problema som omgir henne. Dette kjem til uttrykk i seksuallivet hennar, der ho både objektifiserer og lèt seg objektifisere i erotiske forhold som bikkar over i pornografi.
Erotikken spelar òg ei viktig rolle i Om bare (2001). Denne boka blir ofte lesen som ein nøkkelroman, men er like fullt ei sjølvstendig historie med engasjerande tematikk. Som så ofte i Hjorth sin forfattarskap krinsar romanen rundt eit forhold, denne gong mellom radiodramatikar Ida Heier og professor Arnold Busk. Den tragiske utviklinga i forholdet, med kjærleik, rus og sjalusi, er skildra i eit intenst språk. I 2006 kåra Dagbladet denne romanen til ein av dei tjuefem beste norske romanane.
I det offentlege rommet har Hjorth vore open om eigen person og har snakka uvanleg fritt om både alkoholbruk, kjærleik og andre emne. Ho nyttar òg det sjølvbiografiske i romanane, men ikkje på ein direkte måte. Ho skaper truverde ved å leggje seg nær sitt eige liv, men maktar å gjere røynslene allmenne gjennom den narrative utforminga.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: Vigdis Hjort i Bokprogrammet, NRK Skole.

Kulturelle klasseskilje, eksistensialisme og politikk

Hjulskift (2007) er ein kjærleiksroman, men òg ein roman om kulturelle klasseskilje. Professor Louise Berg er i gang med ei ny bok då ho møter bilmekanikaren Truls Olsen og innleier eit forhold til han. Dei gjensidige fordommane deira blir både stadfesta og avkrefta, og dei to hovudpersonane utfordrar kvarandre på godt og vondt. Romanen endar med heller dystre innsikter om det umoglege i å gjere klassereiser. I Tredve dager i Sandefjord (2011) skildrar Hjorth fengselsopphaldet til dramatikaren Tordis frå Bærum. Ho har køyrt i rusa tilstand, tek på seg skulda og godtek den tretti dagar lange dommen. Fengselsopphaldet blir like fullt ei djup eksistensiell røynsle for Tordis. Rutinane, ordrane og dei strenge rammene i fengselet gir Tordis kjensla av det absurde – ei kjensle som ikkje blir mindre sjølv om ho er samd i dommen.
Eksistensialismen, mellom anna slik Søren Kierkegaard har tenkt han, er òg å finne i Leve posthornet! (2012). Her er kampen mot EU sitt tredje postdirektiv samstundes ein kamp for å leve autentisk for kommunikasjonsrådgivaren Ellinor. Igjen vekslar Hjorth fint mellom ironisk avstand og fortruleg nærleik når ho skildrar korleis hovudpersonen finn seg sjølv i det politiske og sosiale engasjementet sitt. Det er ein meir optimistisk roman enn vanleg for Hjorth, men kombinasjonen av humor og alvor, tyngde og lette, er attkjenneleg frå dei andre romanane. I 2014 laga Riksteatret teaterstykke av Leve Posthornet! i regi av Marit Moum Aune.
Video: Vigdis Hjorth les frå Leve posthornet! under Norsk Post- og Kommunikasjonsforbund sitt landsmøte i 2012.

Kjelder

E-post frå Vigdis Hjorth 13.1.2014
Hans Olav Brenner: «Vigdis Hjorth – Det tredje øret», Om å skrive. Oslo 2011
Inger Bentzrud: «Sex for to solister», Dagbladet 21.5.1992: http://www.dagbladet.no/kultur/1992/05/21/126226.html [lesedato 12.1.2014]
Nina Goga: «Varm i blodet. Jørgen + Anne er sant som kanonisert forelskelse eller farlig forbindelse», barnebokkritikk.no: http://www.barnebokkritikk.no/modules.php?name=News&file=article&sid=93 [lesedato 12.1.2014]
Vigdis Hjorth si forfattarside på cappelendamm.no: http://www.cappelendamm.no/main/katalog.aspx?f=7034 [lesedato 12.1.2014]
12.1.2014]
Ane Nydal: «Brev til oss alle», Morgenbladet 18.10.2012: http://morgenbladet.no/boker/2012/brev_til_oss_alle#.UtMIHfZmc7A [lesedato 13.1.2014]
Tone Solberg: «Skjønnhet som livsinnhold», Dagbladet 7.4.1987: http://www.dagbladet.no/kultur/1987/04/07/126225.html [lesedato 12.1.2014]

Peikarar

Først publisert: 24.07.2014
Sist oppdatert: 09.03.2017