Hopp til innhold
X
Innhald

Wilhelm von Hanno

Wilhelm von Hanno, 1826–82, var tysk-norsk arkitekt og bilethoggar.

Hanno fullførte Trefoldighetskirken (1851–58), men hovudverket hans er bygningsgruppa Grønland kirke, Grønland skole, brannvakt og politistasjon i nyromansk stil (1864–69) og Norges Geografiske Oppmaaling, no Statens kunstakademi (1876–79), alle i Oslo.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 05.10.2016