Hopp til innhold
X
Innhald

Håkon Giil

Håkon Giil fødd 1943, frå Gil. Lektor og Senterparti-politikar. Giil har arbeidd som lærar ved Førde Gymnas, Førde Husstellfagskule, Førde tekniske fagskule og Hyllestad ungdomsskule.

Medlem av kommunestyret frå 1983, ordførar 1987-1993. Leiar Sogn og Fjordane Senterparti 1990-1996. Stortingsrepresentant 1993-1997, vararepresentant 1997-2001. Statssekretær i Olje-og energidepartementet 1997-1999.

Giil har vore styremedlem i fylkeskrinsen av Norsk Lektorlag 1975-1977 og leiar 1979-1981. Styremedlem i YSSE 1991-1993. Leiar i Sogn og Fjordane Nei til EU frå 2006.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.11.2010