Hopp til innhold
X
Innhald

Håkon Randal

Håkon Randal (1930-2012), frå Eivindvik, busett på Bømlo. Lærar, Høgre-politikar og fylkesmann.

Håkon Randal (1930-2012), frå Eivindvik, busett på Bømlo. Lærar, Høgre-politikar og fylkesmann.

Arbeidde som lærar, rådgjevar og skulestyrar 1962-1973 m.a. ved skular i Manger og Bremnes. Fylkesmann i Hordaland 1984-1998. Stortingsrepresentant for Hordaland 1973-1985. Medlem av presidentskapet i Stortinget 1981-1985, og medlem av Høgre sitt gruppestyre i same periode.

Mellom ei rad politiske verv har Randal vore medlem av fylkesskulestyret i Hordaland 1972-1974, leiar i Mongstad-utvalet frå 1985, leiar i rådet for tusenårsjubileet for Den norske kyrkja 1988-1995, styremedlem i Hordaland Høgre og styreleiar der 1977-1979, medlem av sentralstyret 1977-1984 og 1. viseformann i Høgre 1980-1984.

Leiar i Bergen Forsvarsforening 1989-1993 og president i Norsk Forsvarsforening frå 2001. Storriddar av Islands Falkeorden med stjerne 1996.

Son til Søren Randal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.08.2012