Hallvard Natvik

Hallvard Natvik (1905-1989) Fødd i Lærdal, busett i Eivindvik. Distriktslege og motstandsmann under 2. verdskrig.
Legeeksamen 1933. Distriktslege i Gulen frå 1940 til 1948, og distriktslege i Volda 1948-1973.
Vart ein sentral mann i motstandsarbeidet i Gulen under 2. verdskrig, og tok imot mange våpensendingar frå Shetland. Var områdesjef for Heimestyrkane.
Han og kona Elsa arbeidde aktivt for å få reist ein aldersheim i Gulen, og begge vart utnemnde til æresmedlemer i Gulen Sanitetslag. Natvik har hatt kommunale og fylkeskommunale tillitsyrke både i tida si Gulen og i Volda.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 10.08.2010