Hopp til innhold
X
Innhald

Hallvard O. Hesjevoll

Hallvard O. Hesjevoll var første leiaren i Sogn Mållag.

Hallvard O. Hesjevoll var første leiaren i Sogn Mållag.

Hallvard O. Hesjevoll (1899-1972) frå Jostedalen. Lærar, målreisingsmann og politikar. Lærareksamen frå Stord lærarskule 1924. Arbeidde som lærar i Krundalen og Kreken. Han var ordførar i Jostedal og hadde ei rad tillitsverv i idrettslag, ungdomslag og mållag.

Hesjevoll var første formannen i Sogns mållag. Hesjevoll var ein ivrig amatørmålar og skribent.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.02.2010