Halvard Drægni

Halvard Drægni (1869-1950) frå Skjolden. Industrigründer og politikar.
Gjekk Sogndal Folkehøgskule 1884-1885. Tok sveinebrev som bakar hjå Martens i Bergen. I læretida var arbeidstida frå to om natta til ni om kvelden! Han fekk seinare også middelskuleundervisning hjå soknepresten i Årdal.
Landhandlar på Skjolden
Halvard Drægni tok i 1890 over landhandelen på Skjolden etter faren Thomas Drægni.
Laga syltetøy og saft
Han starta i 1900 produksjon av saft i Skjolden, og frå 1905 med syltetøy. I 1920 bygde han AS Halvard Drægni (Drægni AS), Sogns Fruktkonservering, ein stor konservesfabrikk på Hermansverk. Drægni hadde sjølv aksjemajoriteten i selskapet og var administrerande direktør. Sonen Thomas Drægni var disponent ved fabrikken, medan Halvard sjølv var adm. dir. til han døydde.

Drægnihuset i Skjolden. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Aktiv i samfunnet
Drægni var ordførar i Luster kommune 1911-1916, 1920-1921 og 1926-1927 og var elles styremedlem i Fylkesbaatane, og medlem i Statens Arbeidsløysenemnd. Han var aktiv i fråhaldsrørsla, og dessutan ein ihuga målmann som vart kjend for å annonsere produkta sine på nynorsk. Det mest kjende slagordet er «Alle spyr etter Drægnis safter».
Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1938.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 24.03.2011