Hopp til innhold
X
Innhald

Handel og fabrikkar på Bruland

Kristoffer Bruland

fødd 1888 starta landhandel og tønnefabrikk på Bruland i 1921.

Helge Bruland

(1918–1991), son til Kristoffer, starta under sildeåra på 1950-talet også kasse- og pallefabrikk.

Viktor Bruland

fødd 1951 (eldste son til Helge) utvida Bruland Pallefabrikk, og bygde ut trelast- og byggevareforretning. Ein stor del av produksjonen ved pallefabrikken vart i 2002 flytta til Estland.

Frank Bruland

fødd 1955 (son til Helge) dreiv landhandelen vidare, og starta på 1980-talet Bruland Lågpris, som i 1997 utvida mykje med nytt forretningsbygg og matsenter. Seinare gjekk butikken inn i Ica Supermarked kjeden, og deretter Rimi-kjeden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.04.2009