Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsmann Rasmus Eide

Rasmus Eide frå Selje starta som handelsmann i Kalvåg tidleg på 1860-talet. Han dreiv først i Hamrøya, men flytta i 1868 handelen over til Kalvåg sentrum. Han gjekk konkurs i 1872. I 1891 vart den tidlegare krambua overteken av Abel Ulriksen.

Strenge bruksvilkår

I samband med dette eigarskiftet, la grunneigarane til den bygsla tomta som huset stod på ned forbod mot sal og skjenking av alkohol, dans - «eller anden offentlig forlystelse. Logerende maa ikke indtages i de paa Grunden nuværende eller herefter opførendes Huse uden tilladelse hos Brugerne af Bremanger Prestegaard og Frøiens Skole og Lærerjord».

Dei same vilkåra vart sette for aktivitetane i ungdomshuset «Framsteg» då det vart bygt i 1897 av Frøyen ungdomslag (skipa 1893).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.02.2009