Hopp til innhold
X
Innhald

Hanne-Marie Heggdal

Hanne-Marie Heggdal. Foto: Tone Merete Lillesvangstu, NRK.

Hanne-Marie Heggdal. Foto: Tone Merete Lillesvangstu, NRK.

Hanne-Marie Heggdal fødd 1960 i Innvik, oppvaksen i Ålesund, busett i Innvik. Høgskulelektor og tillitsvald i Norges Røde Kors. Utdanna sjukepleiar 1985, mastergrad i organisasjon og leiing frå Høgskulen i Sogn og Fjordane 2010. Høgskulelektior ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, no Høgskulen på Vestlandet.

Vidspresident i Norges Røde Kors

Distriktsleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors 2001-2008, landsstyremedlem i Norges Røde Kors 2008-2011 og vore visepresident i organisasjonen sidan 2011.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2018