Hans Blix
Hans Hansen Blix (Blixencrone) (1660-1728) frå Manger, busett på Flesje. Fut i Sogn 1692-1706. Frå 1700 viselagmann i Bergen, og frå 1705 justitiarius i overretten i Oslo. Adla under namnet «Blixencrone» 1712.
Etter skuldingar om korrupsjon i domarembetet vart han og resten av overretten frådømde embeta sine i 1728. Blix skaffa seg store jordeigedomar m.a. på Tue, Vangsnes i Vik, og Husabø og Henjum i Leikanger.
Ei av døtrene, Anna Cristine, vart gift med prestesonen Peder Leganger frå Vik, som overtok futeembetet og bustaden på Flesje etter svigerfaren i 1706.
Sjå også:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 26.07.2011