Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Bull Brodtkorb

Hans Bull Brodtkorb (1884-1946) fødd i Tingvoll, oppvaksen på Faleide. Storviltjeger, eventyrar og forfattar.

Hans Bull Brodtkorb (1884-1946) fødd i Tingvoll, oppvaksen på Faleide. Storviltjeger, eventyrar og forfattar.

På Faleide voks han opp som son til distriktslege Hans Chr. Brodtkorb (1854-1923).

Brodtkorb dreiv som storviltjeger i det sørvestlege Afrika i åra før første verdskrig, men vart arrestert og internert av tyske styremakter i kolonien Namibia då krigen braut ut.

Foredragshaldar

Etter at ein slektning hadde fått han ut av fengselet, livnærte han seg som foredragshaldar, og skreiv også boka «Efter elefanter og løver i Afrika». Arbeidde i nokre år som styrar av ein kvegfarm i Argentina.

Stal fly

Tenestegjorde som sersjant ved den engelske basen Fort William under 2. verdskrig, men vart degradert til postopnar på basen då han saman med ein nederlendar låntok eit fly, utan å vere særleg flykyndig!

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008