Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Henrik Gerhard Klouman

Hans Henrik Gerhard Kloumann med familien sin.

Hans Henrik Gerhard Klouman med familien sin.

Hans Henrik Gerhard Klouman (1845-1892). Lege. Klouman var distriktslege i Indre Nordfjord 1885-1891. Han bygde i 1891 Kloumannstårnet på toppen av fjellet Skåla (1848 m.o.h.) ved Loen. Bygginga vart m.a. finansiert ved basar i Stryn og gåver frå DNT og Bergen Turlag.

Tårnet vart bygt for turistovernatting. I bøker og skrifter som har kome i dei seinare åra har det vore hevda at Kloumann også hadde ein tanke om at det skulle vere ein stad der tuberkuløse kunne søkje opp for å kunne puste i helsesam høgfjellsluft. Men denne teorien blir avvist i ein artikkel av Ove Eide i "Årsskrift for Stryn historielag" i 2012.

Kloumannstårnet har etter kvart fått namnet Skålatårnet. Foto: Olav Jakob Tveit.

Kloumanstårnet har etter kvart fått namnet Skålatårnet. Foto: Olav Jakob Tveit.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015