Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Henrik Hornemann Holck

Hans Henrik Hornemann Holck (1735-1809) busett i Leirvik. Kaptein og kommandant for Vestre Ytre Sognske Kompani 1769-1786.

Han vart ein stor jordeigar i Hyllestad, og eigde også eit stort notbruk med sju større og mindre båtar. Holck vert rekna som den viktigaste lokale initiativtakaren til at postvegen vart lagt om Dale i staden for over Lavikdalen, via Vadheim til Førde. Han var pådrivar for å få bygd Ås og Foss bruer i 1806.

Son til Ole Isaksen von Holck og far til Ole Elias Holck og Knud Kraft Holck . Kona Martha Margrethe starta i 1821 gjestgiveri i Leirvik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008