Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Hygen

Hans Fredrik Hygen (1884-1975) frå Oslo, busett i Høyanger. Direktør ved NACO, Høyanger verk frå 1921 til 1955.

Hans Fredrik Hygen (1884-1975) frå Oslo, busett i Høyanger. Direktør ved NACO, Høyanger verk frå 1921 til 1955.

Hygen var utdanna ingeniør frå høgskular i Oslo og Dresden, og vart ein av dei norske ingeniørane i krinsen kring dei store industri- og kraftutbyggjarane som Sam Eyde, Ragnvald Blakstad , dr. Emil Collett og Sigurd Kloumann.

Hygen arbeidde i United States Steel Corp. 1902-1911 og ved Notodden Salpeterfabrikk 1911-1912. Frå 1912 til 1921 var han direktør i DNNs fabrikkar i Tyssedal og Eydehavn. I Tyssedal både planla og leia han utbygginga av aluminiumsfabrikken og kraftanlegga i 1916, eit anlegg der det arbeidde opptil 700 mann på det meste.

Hygen avløyste i 1921 den første verksdirektøren i Høyanger, Johan Mürer. Hygen var sterkt engasjert i utbygginga av Høyanger-samfunnet, m.a. med Folkets Hus, sjukehus, idrettsanlegg o.s.b. Han var mangeårig leiar av KNA (Kongelig Norsk Automobilforbund) i Sogn og Fjordane. Hygen har fått ei gate oppkalla etter seg i Høyanger. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.11.2009