Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Paludan Smith Schreuder

Hans Paludan Smith Schreuder (1817-1882) fødd på Kjørnes i Sogndal som son til sakførar, seinare fut Otto Schreuder. Prest og misjonær.

Han flytta saman med foreldra til Farsund i 1832, og vart cand. theol. 1841. Han vart den første norske misjonæren i Afrika då han ved nyttårsskiftet 1843 kom til Sør-Afrika som misjonær for Det Norske Misjonsselskap, skipa 1842. Han tok til å arbeide som misjonær mellom zuluane i 1850 og grunnla saman med to andre misjonærar den første misjonsstasjonen Empangeni.

Laga zulu-ordbok

Schreuder laga ordbok med tre-fire tusen ord og arbeidde ut ein grammatikk for zuluspråket, trykt i Oslo i 1850. Han omsette delar av Bibelen og gav ut ei lesebok på zuluspråket. Under ein tur heim i 1866 vart han vigsla til biskop av «Den norske kyrkja si misjonsmark».

Laga sin eigen misjon

Etter ein konflikt med misjonsselskapet i 1872 braut Schreuder ut og dreiv sidan sitt eige «Den norske kirkes misjon ved Scheuder» - også kalla «Schreudermisjonen».

Minnesmerke i Afrika og Sogndal

Hausten 1915 vart det reist eit minnesmerke over misjonærpioneren på grava hans i Untunjambili i Natal. Også i fødebygda Sogndal vart det reist ein minnestein over Schreuder i 1992 ved Stedje kyrkje. Ved barndomsheimen på Kjørnes er det sett opp ei minneplate.

I 2003 gav Øystein Rakkenes ut «Himmelfolket. En norsk høvding i Afrika» (Cappelen forlag) om Hans Paludan Smith Schreuder.

Øystein Rakkenes har skrive bok om Schreuder: ”Himmelfolket – en norsk høvding i Zululand”.

Øystein Rakkenes har skrive bok om Schreuder: ”Himmelfolket – en norsk høvding i Zululand”.

På Stedje kyrkjegard står denne minnestøtta over Hans P. S. Schreuder. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Stedje kyrkjegard står denne minnestøtta over Hans P. S. Schreuder. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011